Ei spennande veke i OpplevEvje: Turistinformasjonen, Evjedagane og mykje meir!

Det er mandag morgon, 15. juni. Sommarvéret er som ein draum utanfor vindauget. Det er ei spennande veke som ligg framføre oss i OpplevEvje.
Stor honnør til kommunen, og spesielt einingsleiar kultur Maya Ranestad Hjertholm, som har hivd seg rundt og fått flytta Turistinformasjonen til Infobygget i sommar! Foto: Leif Jørgen Versland

I dag kl. 10:00 opnar den kommunale Turistinformasjonen i Infobygget i Evje sentrum. Han er som kjent flytta dit frå biblioteket på Verksmoen dei neste to månadane. Vår mann Leif Jørgen Versland er hyra inn av kommunen for å vere koordinator for det prosjektet. Så han blir nok mykje opptatt der. Dette er ved sida av den ordinære jobben hans, ved Oppfølgingsenheten Frisk. Då blir det nok ikkje så mykje tid til overs til OpplevEvje akkurat denne veka.

    Eg, Geir, er midt i flyttesjau tilbake til barndomsheimen på Hornnes. Her er det nok å ta tak i. Leiligheten i Tingberget må også ryddast og vaskast. Så er det sjølvsagt den store dagen i slutten av veka, då eg skal få lov til å gifte meg med mi kjære Rita 💝 Før det må eg prøve å få til ein liten hårklypp og ein del andre ting…
    Men den storhendinga som er viktigast for alle dykk andre, er sjølvsagt Evjedagane frå torsdag til søndag. Der vil me også gjerne vere til stades for å rapportere så mykje me kan. Men som de skjøner, kan dekninga ikkje bli 24/7 😉
    Me har eit stort mål med OpplevEvje-prosjektet vårt. Me ynskjer etter vår beste evne å bidra til at alt det fine og spennande som skjer i Evje & Hornnes, kjem endå meir fram i lyset. Denne veka manglar det ikkje på gladsaker å rapportere om. Me gledar oss stort til det.
    Me ynskjer dykk alle der ute ei strålande sommarveke!
Del "Ei spennande veke i OpplevEvje: Turistinformasjonen, Evjedagane og mykje meir!"