Eikefjellet – Neset Camping

Eg er ikkje så sprek i ganglaget lenger, og ville nå truleg slite med å gå inn til Årdalsknapen frå Neset Camping. Ikkje minst ville det bli ein heller tung tur tilbake. Det er nok mange som meg, som av ein eller annan grunn ikkje kan eller ønsker å legge ut på langtur lenger. Men ein utruleg fin tur – ein slags «Årdalsknapen light» – er å gå opp på Eikefjellet frå Neset Camping og nyte utsikten sørover mot Byglandsfjord derfrå.

Det er bratt opp, men ikkje langt, og mykje meir overkomeleg enn den heile turløypa fleire kilometer inn til Årdalsknapen.

Turen fortset under biletet

Fint utsyn frå eitt av fleire utkikkspunkt langs stigen. Foto: Geir Daasvatn

Rett sør for Neset Camping, i svingen der ei lita sløyfe av den gamle Postvegen framleis ligg att, kan du parkere bilen eller sykkelen. Der er det også skilt som fortel meir om løypa, og kart. På tre og steinar oppover den bratte stigen er det heile tida oransje eller blå merke. Så du skal mest ikkje kunne gå feil!

Fleire stadar oppover i fjellsida kan du ta avstikkarar ut på fine utkikkspunkt. Landskapet rundt Byglandsfjorden er umåteleg fint, og når du ikkje har tenkt deg så langt kan du i staden bruke desto meir tid på å nyte synet av vakre Setesdal.

Ein kortare tur er ikkje noko nederlag!

Det er litt surt for meg som forhenværande fotballspelar, å måtte innrømme at eg ikkje er på topp lenger. Men på den andre sida er eg snart 60 år, og då gjeld det å finne dei gledene ein kan der ein er. Så då eg klatra meg opp på dette Eikefjellet – som eg trur det heitar – her om kvelden, med fotoapparatet over skuldera og på leiting etter fine motiv langs stigen, var eg nok like lukkeleg som då eg i ungdomstida skorte på heil volley.

Eg vonar bileta kan få DEG også til å ta ein tur hit, eller ein annan stad du lenge har hatt lyst til å kome deg!

Kart over området 

Klikk på bileta for forstørring

Del "Eikefjellet – Neset Camping"