Årdalsknapen – Bygland

Det går ei populær, godt merka turløypa til Årdalsknapen, 762 moh., frå Neset Camping rett nord for Byglandsfjord. Første delen av løypa er bratt, og går i hovudsak gjennom skog. Siste delen av turen er over tregrensa. Turen tek om lag 4 timar t/r. Løypa er totalt 7,8 km t/r. Årdalsknapen er ein av toppane i Otra IL sitt turopplegg 10 Toppers i 2019.

Skrive av Geir Daasvatn

Turen

Starten på løypa, rett før du kjem til Neset Camping sørfrå. Foto: Geir Daasvatn

Det er ei lita parkeringslomme ved riksveg 9, rett sør for Neset Camping. Staden er merka med grønt turskilt. Herifrå kan du følge merka løype på skrå opp lia. Det er bratt oppstiging, gjennom skogsterreng, men grei veg å gå på. Du kan også starte turen frå sjølve Neset Camping. Dei to løypene møtast litt oppe i lia.

På veg opp den første bratte oppstiginga til Årdalsknapen. Foto: Geir Daasvatn

Etter kvart snevrar vegen seg inn til ein sti. Terrenget flatar ut, men det er nokre kneiker innimellom. Skogen blir meir glissent dess høgare du kjem. På toppen er det tilnærma snaufjell. Stien går fleire stader over opent fjell, noko som gir storfelt utsikt sørover og mot vestsida av dalen.

Den siste bratte kneika er opp til platået under sjølve toppen. Vel oppe er det lune søkk i terrenget, der du kan kose deg med nistemat, kanske ein sjokoladebit og – ikkje minst – kaffien!

Grundig omtale av Årdalsknapen turløype på Setesdalswiki

Krav til utstyr

Det er ein fordel med fjellsko, men du kan også gå på gode joggesko. Det kan blåse godt på toppen, og véret kan fort skifte, så du må kle deg etter forholda.

Storslegen utsikt i alle retningar. Her nord-vestover i Setesdal. Foto: Geir Daasvatn

Alternative ruter til Årdalsknapen

Du kan ta sykkelen fatt! Frå Tveit i Flatebygd syklar du innover Stafossvegen til Årekleppvatnet (ca 5 km). Frå vatnet til Årdalsknapen er det ein om lag 4 km lang fottur i fjellterreng.

Det er også mogeleg å gå traktorveg opp Vinddalen frå Vassend/Byglandsfjord. Vidare innover frå Vinddalen kan du følge sti til toppen. Denne vegen vil du bruke rundt 1 1/2-2 timar opp med vanleg gange.

Vinterruter

Det går raudmerka skiløype frå Plassen i Flatebygd til Årdalsknapen, om lag 10 km. Frå Rassevæte mellom Flatebygd og Gautestad går det skiløype langs Høvringen, forbi Nævertjønn og Årekleppvatnet til toppen (ca 13 km).

God tur! 

Kjelder:

Trykk på bileta for forstørring

Kart: Bygland kommune/VisitSetesdal
Del "Årdalsknapen – Bygland"