Stavdalsnuten

Stavdalsnuten er eit fjell (582 moh.) på nordsida av Stavedalen, nord-vest for Murtetjønn på Tveit i Hornnes. Frå toppen er det ein svært vid utsikt. Skrive av Geir Daasvatn Turen er ein idyllisk gåtur i heieterrenget mellom Tveit og Bjørndalsvatnet, på nordsida av Fylkesveg 42. Først går du eit godt stykke ganske jamt og småkupert oppover gjennom myr- og skogsterreng. […]

Kvålen – Flatebygd

Kvålen er ein liten ås mellom Tveit, Flåt og Flåt nikkelgruve i Flatebygd. Skogen i området blei hogd ned for ei tid sidan, og toppen av åsen er nå eit fint utsiktspunkt i alle retningar. Toppen er eitt av turmåla i Otra IL ski sitt 10-Toppers-opplegg for 2022. Skrive av Geir Daasvatn Turen opp til […]

Vatnedalen – Bykle

Det går veg inn til Vatnedalsdammane frå Riksveg 9 ved Berdalsbru i Bykle. Frå damanlegget går det anleggsveg (grusveg, stengt med bom) vestover, på sørsida av Vatnedalsvatnet, heilt inn til andre enden av vatnet. Strekninga er om lag 20 km, altså 40 km t/r. Det er ein fantastisk fin sykkeltur. Skrive av Geir Daasvatn Det […]

Kjetevatn – Vegusdal

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen i Vegusdal, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes.  Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og vidare nordover til Førevatn. Skrive av Geir Daasvatn Dette er eit nydelig heieterreng, og perfekt for ein koseleg sykkeltur ein varm sommarkveld. Det ligg nokre få fritidsbustadar langs vegen. Om […]

Bjørnestøl – Hornnes

Bjørnestøl («Heia») er ein heiegard i området rundt Gåseflå og Matkroni ved Gunnarsåna på heia vest i Hornnes, inn mot grensa til Åseral. Det er ingen fast busetnad på garden idag, men ein del fritidsbustader. Matkronvegen går inn til området frå Fylkesveg 42 ved Bjørndalsvatnet. Men inn til Heietjønn, der dei opphavelege bruka låg, er det veglaust. Det er litt underleg og tankevekkande å vandre rundt i kulturlandskapet […]

Årdalsvegen – Bygland

Årdalsvegen er ein privat skogsbilveg – ein god grusveg – som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Tovdalselva i Årdalen. Skrive av Geir Daasvatn Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i […]

Fennefoss rundt

Enten du er gjest i bygda eller innfødt, er en sykkeltur rundt Fennefoss både fin trim og en spennende opplevelse. Ja, du må selvfølgelig gjerne ta foten til fots også! Det er ei rundløype vi her beskriver, så du kan starte turen hvor som helst. Men om vi tar utgangspunkt i Odden Camping, der du […]

Rygnestad turløype

Det går ein merka turstig frå Rygnestadtunet gjennom nydeleg kulturlandskap og mystisk skogsterreng. Det er ein kort og lett tur på bare 2,5 km/30 min. Men for ei oppleving! Du kjem mellom anna forbi det tidlegare småbruket Åreholti, der alle bygningane står i ei rekke. Det er ikkje mange slike «tun» igjen i Setesdal i […]

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter. Skrive av Geir Daasvatn Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekker seg frå Otra nord for Lunden ca to km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen. […]

Fjellestad – Tveit skiløyper

I området Fjellestad – Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper. Det er alt i alt rundt 20 km med oppkjørte løyper i anlegget. Det er to hovedløyper på 8–9 km hver, samt tilførselsveier. Området ligger 400–500 meter over havet, og er normalt veldig snøsikkert. Grunneigerene i området […]