Innhaldsrikt Arnstein i 2020!

Evje og Hornnes Sogelag sitt Årsskrift Arnstein kjem rekordtidleg i handelen i år. Heftet er levert frå Setesdalstrykk, og vil vere å få kjøpt om kort tid.

Ved sida av å vere klart fleire veker før «normalen», er heftet i år meir innhaldsrikt enn på lenge. Ei vanleg utgåve av Arnstein har ofte hatt rundt 78 sider. I år slår skriftstyret til med heile 92 sider. Det flittige skriftstyret; ja det er Ragnhild Robstad, Erik Kjebekk, Ivar Haugen, Kåre Hodne, Georg Bjørndal og Eva Haugen Sørgaard.

Nedanfor finn du eit oversyn over artiklane i bladet. Det er særs interessante stykke om både fjern og nærare lokalhistorie.

  • Sogelaget i årets som gjekk. Av Ragnhild Robstad
  • Bygda vår for 100 år sidan. Av Ivar Haugen
  • Otra IL – 60 år i 2020. Av Odd Harald Robstad
  • Ei forteljing frå mor til son for 77 år sidan. Av Jens Frigstad
  • Gamle kyrkjevegar og andre vegar frå 1321. Avskrift Ivar Haugen
  • Torgeir Fennefoss. Av Georg Bjørndal
  • Frå Østfold til Evje – Sigvart Skibsrud
  • Den siste gardbrukaren på Nordre (Øvre) Landsverk. Av Erik Kjebekk
  • Vang – Gnr. 50 (14), Bnr. 47 – Nils Heglandsveg. Av Ivar Haugen
  • Torjus A. Evje – den siste husmannen i Evje Kommune. Av Eva H. Sørgaard
  • Bilder frå forskjellige årstider med motiv frå Evje og Hornnes. Av Geir Daasvatn

Det er 27. årgangen av Arnstein som nå kjem ut. Prisen på heftet er den same som før, 100 kr.

God lesing! 

Del "Innhaldsrikt Arnstein i 2020!"