Det nye forretningsbygget til Asbjørn Haugen på Verksmoen er i ferd med å kome opp.
Grunn- og betongarbeida blei gjort i fjor vinter. Dovland Transport stod for gravinga, og Smeland Byggservice for betongarbeida. Men koronautbrotet i mars 2020 utsette reisinga av sjølve bygget.
Det er eit kombinert butikklokale og lager Asbjørn vil sette opp. Bygget får ei grunnflate på rundt 950 m2, i 1 1/2 etasje og med fin glassfasade mot Riksveg 9. Metallbygg AS i Kristiansand skal sette opp bygget.
Setesdølen hadde ein fin artikkel om Asbjørn og byggeplanane i fjor vinter, før koronaen. Der kan du finne fleire opplysningar.