Harald Haugland. Foto: Eskedahl

Setesdalswiki 10 år: Vegen blir til mens vi går

Fredag 26. april 2019 er det nøyaktig 10 år sidan nettleksikonet Setesdalswiki starta opp. Setesdalswiki er bygd etter same lest som Wikipedia, men altså med fokus på Setesdal og dei nære områda rundt. Harald Haugland, allerede i 2009 ein røynd Wikipedia-skribent, var mannen som sette det heile i gang. Han har også administrert leksikonet i alle år fram til dagens 10-årsjubileum. Her kan du lese oppsummeringa hans etter ti års frivillig arbeid for å bygge opp eit dugande, nettbasert oppslagsverk for Setesdal.

Av Harald Haugland, 26. april 2019

Idéen dukka opp på Setesdalskonferansen i 2009

I dag er det ti år sidan eg etablerte Setesdalswiki. Grunnen til at eg gjorde det var ei utfordring eg fekk under Setesdalskonferansen det året. I ein samtale, den gongen var Setesdalskonferansen liten, eg trur det kan ha vore 30-40 personar der, vart det diskuter korleis ein kunne få større kjennskap til andre næringsdrivande i Setesdal. Kan hende kunne bedrifter samarbeide, men dei visste knapt om kvarandre.

Det var då eg kom med eit forslag om å lage ein wiki der alle kunne skrive og slik presentere seg og si bedrift. Konferanseleiaren utfordra meg til å lage ein slik nettstad, og resten er historie. I dag har Setesdalswiki 90627 artiklar, hundrevis artiklar frå kvar kommune i Setesdal om folk, firmaer, lag, organisasjonar, fjell og dalar.

Horisonten er utvida

Utsikten fra Horgeknipen nordover i Setesdal ein varm sommarkveld i 2014. På Setesdalswiki finn du stoff om alle slags tema i Setesdal, men også noko frå tilgrensande område. Foto: Geir Daasvatn

Dermed er perspektivet sterkt utvida, men ein finn næringslivsstoff også, sjølv om det kanskje ikkje er mest synleg. Men vegen blir til medan ein går, og i løpet av desse åra har vi også fått med datoartiklar og dermed hendingar som skjer i Setesdal. Slik er vi blitt litt meir nettavis i tillegg til leksikon. På framsida vår finn du kvar dag nokre av dei mange hendingane som skjer i Setesdal den dagen.

Få skribentar

Eg hadde jo håpa at næringslivsfolk skulle presentere si bedrift på Setesdalswiki, gjerne med lenke til heimeside eller liknande. Det har ikkje lukkast, vi er få skribentar som har blitt med i dugnaden for å lage eit leksikon for Setesdal. Det er eit sakn, for når få skriv, får vi ikkje så mykje stoff som vi kunne fått om fleire skreiv.

Mykje bra på 10 år

I dag skal vi glede oss over det som er blitt skapt. Smått om senn, med nokre artiklar ein dag og andre ein annen dag har vi fått eit oppslagsverk som kan vere til hjelp for så vel næringsliv og kulturliv som menn og kvinner i regionen.

Gratulerer med dagen!

Du vil kanskje også lese vår artikkel om Setesdalswiki til 9-årsjubiléet i 2018

Del "Setesdalswiki 10 år: Vegen blir til mens vi går"