Birkelandsfossen

Koseleg kveldstur!
Birkelandsfossen er ein foss i Otra, rett nord for Evje sentrum. Fallhøgda er 7 meter.

Skrive av Geir Daasvatn

Ved fossen er det restar etter svære fløtingsmurar og ruinar etter sagbruk. Ved stor vassføring er fossen eit mektig syn. Han er ein fin plass for å ta med ei plate med melkesjokolade og ein termos kaffi eller kakao, og bare sitte på den svære fløtingsmuren og skode ut over elva.

Korleis kjem du dit

Fossen ligg i grei gangavstand frå Evje sentrum.

Annonse

Du kan gå over Otra på Birkelandsbrua. Om du kjem frå til dømes Odden Camping, kan du følge Kinovegen fram til brua. Følg Fennefossvegen gjennom Krossen til krysset der Senumsvegen tek til. Følg Senumsvegen nordover om lag 1 km til Horrebakken. Der ligg dei siste husa før Senumsvegen blir grusveg. Rett FØR husa i Horrebakken tek du til høgre ned mot elva. Du kjem til ei sandstrand og ein privat volleyballbane. Då ser du fossen omtrent rett foran deg.

Du kan også følge Rv-9 nordover forbi skulane til du passerer 60-årsjubilanten i 2020, Bademiljø Ragnar Aas AS. Om lag 300 m etter at du har passert nybygget til Ragnar Aas, tek Vestrevegen til frå Rv-9. Følg Vestrevegen til endes, og du skimtar fossen mellom trea 100 m foran deg, etter at du har passert dei siste husa.

Anten du vil besøke fossen frå Hornnes- eller Evjesida, finn du lett fram om du kastar eit lite blikk på kartet under her først.

Dette er som du skjøner ingen langtur, men heller ein koseleg kveldstur. Om du passar på å gå bort til fossen ein gong det er verkeleg storflom, vil du føle deg liten altså!

Kart over området

Fossen sett frå Evjesida over mot Birkeland. Foto: Geir Daasvatn, 2013

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

 

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!