Fånekleiva i Bygland

Unikt vegminne og rik flora

Fånekleiva ligg mindre enn ein halv times køyretur nordover frå Evje sentrum. På sykkel bruker du litt lenger tid, men får ei endå vakrare naturoppleving oppover langs Byglandsfjorden. Om du bur i Evje og Hornnes, eller har hytte her, eller bare besøker oss for ei lita stund, er Fånekleiva ein attraksjon vi trur du vil ha stor glede av å oppleve.

Den første køyrevegen gjennom Setesdal

Fånekleiva er altså ei bratt kleiv på den gamle hovudvegen gjennom Setesdal, ved Fånefjell på austsida av Byglandsfjorden mellom Longerak og Lauvdal i Bygland kommune. Vegstykket her vart bygd rundt 1842. Vegen går opp lia mellom Fånefjellet og det stupbratte Lisle Fånefjell, 200-300 meter sør for den sørlege enden av Fånefjellstunnelen. Han er bygd med høge natursteinsmurar og stabbestein som rekkverk. Midtvegs i kleiva står ein milepæl av støypejern frå 1855. Etter eit ras i 1870 vart vegen lagt noko om i den nederste delen, med to nye svingar og slakare stigning. Også i nyare tid har det vore ras i Fånekleiva, seinast i 1997.

Den første bilen skal ha køyrd opp Fånekleiva i 1909. Då Setesdal Bilruter byrja med rutebilkøyring mellom Ose og Berdalsbru i 1918, kom det krav om veg rundt Lisle Fånefjell. Den nye traséen rundt fjellet blei opna i 1923. Då var det slutt på Fånekleiva som ein del av hovudvegen gjennom Setesdal. I dag er kleiva eit viktig kulturminne, og ei mykje populær turløype. Ho er pent restaurert av Statens vegvesen og Bygland kommune.

Rita Flottorp tek seg ein kvil i bakken ved milepælen midtvegs oppe i kleiva. Foto: Geir Daasvatn

Slik kjem du dit

Frå Evje køyrer du nordover forbi Grendi og Longerak. Rett før du kjem til Fånefjellstunnelen, på høgre side av vegen, er det bygd ein ny parkeringsplass. Der kan du sette frå deg bilen – eller sykkelen for den saks skuld. I nordre enden av parkeringsplassen tek den gamle vegen til. Du kan ikkje ta feil av kor du skal gå. Du følger vegen gjennom fleire skarpe svingar. Midtvegs står det ein milepæl av støypejern. Frå toppen av kleiva går det merka sti ut til eit utsiktspunkt ytterst på Lisle Fånefjell, der du har eit vidt utsyn sørover mot Longerak.

Frå toppen kan du også gå vidare nordover forbi Djupedalsmuren til nordsida av Fånefjellstunnelen. Det er mogeleg å gå den gamle vegen med halvtunnelen på utsida av Lisle Fånefjell tilbake til bilen. Men her er fjellet stupbratt og rasfarleg, så det er ikkje å anbefale.

I staden kan du ta deg god tid på toppen, nyte utsikten sørover mot Longerak (bildet under) lenge og vel, og gå  same vegen tilbake i roleg tempo. Det er eit svært rikt planteliv i Fånekleiva, så ta deg god tid til å kikke deg rundt!

Om du snur på toppen, får du ein flott tur på om lag 3,5 km t/r.

Les om turen hos Visit Setesdal

Kjelde: Setesdalswiki

Utsikt frå Lisle Fånefjell 16. juli 2014. Foto: Geir Daasvatn

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!