Furustovhei

Furustovheia er ein ås (567 moh.), eit heieområde, om lag to kilometer nord-vest for Fennefossfjellet på vestsida av Otra i Evje og Hornnes kommune.

Løypa går i skogsterreng, men nokre fine utsiktspunkt undervegs. Startar du ved Hornnes barneskule, er det i begynnelsen er jamn stigning, før løypa blir litt meir kupert. Du kan gå att og fram same vegen, eller ta ein rundtur.

Korleis kome dit

Du kan starte turen ved Hornnes barneskule, følge blåmerka løype til Masi, og gå vidare på merka sti til toppen. På tilbakevegen kan du gjerne ta ein avstikkar til Fennefossfjellet. Du kan også starte i Dåsnesmoen, frå parkeringsplassen bak Hornnesheimen. Då kjem du også oppover mot Masi, men frå ein annan kant. Eit tredje alternativ er å starte ved Fennefoss bygdemuseum. Herfrå kan du følge løypa til Fennefossfjellet, og vidare til Furustovheia.

Frå Hornnes barneskule til Furustovheia og tilbake vil turen vere rundt 7 km. Berekna tidsbruk 3-4 timar.

Kart over området

Om turløypa til Furustovheia hos Visit Setesdal

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

Del "Furustovhei"