Gruvearbeidarvegen

Gruvearbeidarvegen er den vegen arbeidarane ved Flåt nikkelgruve brukte å gå for å kome frå bustadane sine i Ånelandsbygda, Åneland og Haugen, til arbeidsplassane sine ved gruva. Den første tida gruva var i drift fantes ikkje tettstaden Evje, og arbeidarane budde på gardane rundt i bygda.

Det er Evje og Hornnes kommune som har gjeve vegen namnet i nyare tid. Vegen er merka som turløype.

Kor vegen går

Her i Haugen tek vegen til i dag. Foto: Geir Daasvatn

Frå Åneland/Haugen gjekk vegen først i nord-vestleg retning opp ei bratt kleiv. Ved startpunktet står det i dag eit skilt merka «Allmannavegen». I kleiva kan ein fleire stadar sjå korleis vegen var mura opp. Denne delen av vegen fall saman med Postvegen som blei bygd rundt 1840. På toppen av kleiva kom ein til Hommemyr. Vegen gjekk over myra i kanten, og svinga så meir beint nordover forbi Haugefjellet på vestsida og fram til Landsverkplassen. Herfrå følgde han vegen frå Landsverk til gruva.

Du kan starte turen fleire stadar

Du kan sykle eller køyre bil heilt opp til dei øverste gardane i Haugen. Der er det grei plass å parkere. Her står det som alt nemnt skilt som viser kor løypa går.

Eit alternativ er å byrje turen i andre enden, ved Flåt nikkelgruve. Om du kjem med bil, kan du då parkere ved Flatebygd skianlgg, og gå det korte stykket opp til gruva. Der er det skilt som syner veg mot Landsverk.

Me vil tru løypa gjennom skogen er om lag 2 km lang. Om du startar frå Flatebygd skianlegg, kjem det nokre hundre meter i tillegg. Ein tur herfrå opp til gruva, vidare langs Gruvearbeidarvegen til Haugen og tilbake igjen vil då vere på rundt 5 km. Startar du i andre enden, i Haugen, er det rundt 4 km tur/retur.

Andre turar i området

I området rundt Flåt nikkelgruve er dei ei mengde oppmerka turløyper og stiar som ikkje er merka opp. Her kan du gå opp til toppen av Mykleåsen, du kan vandre på Evje Mineralsti, du kan gå Allmannavegen og endå fleire stadar som me ikke skal trøytte deg med her.

God tur!

Kjelder: Setesdalswiki m.v.

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Gruvearbeidarvegen"