Hisdalsheii – Hornnes

Topptur i steinaldermannens rike

Hisdalsheii er eit fjell (485 moh.) rett sør for Bjørndalsvatnet og vest for Kosvatn heilt vest i Evje og Hornnes.

Hisdalsheii var ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt turopplegg Ti Toppers i 2015, og er eit fint turmål. Frå toppen ser du vidt utover både Bjørndalsvatnet og Kosvatn.

Det er funne minst seks steinalderlokalitetar/buplassar ved Kosvatn, og endå fleire langs Kosånavassdraget både sør og nord for Kosvatn. Funna strekar under at det må ha vore eit folkeliv å tale om i dette området alt for 4-5000 år sidan.

Bli inspirert til mange fleire spennande turar i Kosåna-området her

Bjørndalsvatnet sett frå lia på veg oppover i Hisdalsheii. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Frå Hornnes køyrer du Fv-42 (Sveindalsvegen) ca 15 kilometer til parkeringsplassen i vestre enden av Bjørndalsvatnet, rett før du kryssar den tidlegare fylkesgrensa til Vest-Agder. Herfrå kan du gå langs ein skogsbilveg sør-austover ca 1,4 kilometer. Der vegen sluttar, må du følge terrenget til toppen, ca 1,1 kilometer.

Ein annan mogelegheit er å køyre til Abusland og Hattefoss, og gå gjennom terrenget til toppen av Hisdalsheii derfrå.

Kjelder: Artikkelen om Hisdalsheii på Setesdalswiki

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!