Hornåsen – Urdalen

Hornåsen er eit fint utsiktspunkt. Vi har ein eigen turartikkel om det. Men du kan også gå ein veldig fin rundtur i dette området, og mellom anna kome gjennom den mystiske Urdalen.

Skrive av Geir Daasvatn

Urdalen

Urdalen er ein liten, men særmerkt glasial elvedal i Hornåsen. Han går i retning aust-vest i ei lengde på om lag 700 meter. Han er kvasst skoren, og har særleg i austre delen karakter av eit trongt gjel. Dalbotnen er fylt opp av ei svær ur. Skarhøgda ligg på 226 meter over havet. Vannskilet ligg heilt ute i opningen mot aust, og herfra haller det heile vegen bort frå hovuddalføret (Otra).

I motsetnad til Otra-dalføret, og den nærliggande Dåsvannsdalen, er det ikkje isen som har gravd ut Urdalen. Han må i staden vere gravd ut ved elve-erosjon. Det var den vidgjetne rektoren ved Hornnes landsgymnasDaniel Danielsen, som på eigahand studerte seg fram til denne konklusjonen rundt 1930.

Denne elva gjennom Urdalen oppstod truleg langt tilbake i tid, då det må ha vore ei oppdemning av is ute i hovuddalføret, slik at vatnet frå Dåsvannsdalen ei tid fekk avlaup gjennom Hornåsen til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne bretunga må i følge Danielsen ganske sikkert ha skote seg fram mot sør gjennom Jortveitmoen, der den vidaregåande skulen no ligg, over den nederste delen av Dåsåna der ho renn i dag og bortover mot den sør-austre delen av Hornåsen.

Ei anna forklaring kan vere at det ved slutten av den siste istida blei liggande igjen ein ispropp som sperra heile elveløpet i Breiflå. Vatnet steig og steig. Dei siste brearmane på begge sider av dalen tina, og blei til rennande vatn. Det blei ein samanhengande innsjø frå Bjoråvika til Åraksbø. Då vasstrykket blei for stort, braut vassmassane seg ut gjennom Urdalen.

Seinare smelta isen, og isdammen vart borte. Urdalen låg «daud» att.

Isdemninga smelta, og vatnet tok den vegen det har i dag. Urdalen låg «daud» tilbake. Foto: Geir Daasvatn

Utsikten frå Hornåsen

På ruta som vi har forslag om her, kjem du to gonger forbi toppen av Hornåsen. Du skulle verkeleg ta deg tid til å gå fram på pynten, og finne ein bra utsiktsstad. Du ser langt oppover mot Evje og med Flatebygd i det fjerne, og sør-austover utover Breiflå og Evjemoen. Det  er nydeleg å bare sitte på ein trestubbe der oppe, og beundre den vakre bygda som ligg under deg.

Tidleg desembermorgon i Hornåsen. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Om du kjem sørover på Rv-9, køyr forbi innkøyringra til Hornåsen bustadfelt. Nokre hundre meter etter det, når du nærmar deg Kjetsåkrysset der Julehuskongen bur, går det ein skogsbilveg til høgre (vestover). Her er det rett etter avkøyringa plass til å parkere bilen. Kjem du på sykkel, eller gåande, er parkering ikkje noko problem. Nå følger du bare skogsbilvegen opp den første bakken, til ein stor snuplass for tømmerbilane. Gå forbi og vidare opp den ganske bratte bakken. På toppen av bakken går du eit par-tre hundre meter, til du kjem til Frudesteinen. Rett etter at du har passert denne særmerkte steinen, går det ei traktorslepe med ein tydeleg oppgått sti på skrå til høgre oppover i terrenget. Stien er vist med stipla linje på kartet nedanfor. Følg stien i nokre få hundre meter, og du er ved toppen av Hornåsen.

Du kan nå ta til høgre og ut mot kanten av åsen, så du får bes mogeleg utsyn. Men vi rår til at du heller tek til venstre (vestover) på skogsbilvegen du nå er komen fram til. Etter eit par-tre hundre meter, rett før hyttetunet til avdøde Bjarne Nordbø, går det ein sti til venstre. Ta inn på den og gå bare vidare så langt han rekk. Nokre venlege sjeler har merka stien med små, blå sløyfer.

Rett før hyttetunet til Bjarne Nordbø, kjem du til dette vegskilet. Ta til venstre og følg stien gjennom skogen til du kjem ut på grusvegen i vestre enden av Urdalen. Foto: Geir Daasvatn

Etter kanskje 10-15 minutt gjennom skogen, kjem du ned i dalbotnen igjen og til ein  ny skogsbilveg. Du er ved den vestre enden av Urdalen. Ta nå til høgre, og gå austover gjennom Urdalen. Dette er eit verkeleg fascinerande stykke natur!

Når du kjem ut av den austre enden av Urdalen, dukkar det opp ei eng. Her låg i eldre tider husmannsplassen Åsan. I enden av enga ser du ned til dei første husa i Valhall. Men gå ikkje ned dit, men til høgre på skogsbilvegen i enden av enga. Bare følg vegen vidare. Den svingar seg oppover til toppen av Hornåsen, og Bjarne Nordbø sitt tun med gamle tømmerbygningar. Fortset forbi bygningane. Etter om lag 100 meter er du tilbake der du svinga ut i skogen første gong (biletet over). Nå er det bare å følge same vegen tilbake, ned til der du sette frå deg bilen eller sykkelen.

Ut av dette blir det ein nydeleg og veldig variert skogstur. Skogsbilvegane og stigane går på kryss og vers, men kanskje er det tale om ei gålengde på rundt 4 km alt i alt. I Urdalen kan det til tider vere litt blautt. Så vi vil rå deg til å bruke  godt skotøy på denne turen, sjølv om vi som oftast klarer oss greit med joggesko.

God tur!

Kart over området

Kjelde til opplysningane om Urdalen: Setesdalswiki med vidare tilvisingar

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

Del "Hornåsen – Urdalen"