Klepp – Gymsåna

Frå Klepp heilt sør i Evje går det fin skogsbilveg fleire kilometer innover i heia langs Gymsåna. Her er gamle fløytingsmurar, ein øydegard som kanskje var busett i mellomalderen og eit idyllisk fossefall du kan sjå. Men først og framst er det ein fin sykkeltur i frisk luft, og kanskje i eit område du ikkje har vore så ofte før.

Gymsåna kjem frå Frikstadmyra langt oppe ved Gjengninghei. Ho renn forbi Lauvland og vidare nedover i terrenget til Otra. Mesteparten av skogsbilvegen går langs denne elva. Terrenget er småkupert. Det er ingen lange eller tunge bakkar, bare nokre små stigningar innimellom.

Korleis kome dit

Frå Rv-9 på Hannås går det veg austover mot Vegusdal. Ta inn på denne vegen, nokre hundre meter forbi Stemhei bustadfelt med alle dei politiske talenta, og kom deg over Otra på Moisund bru. Straks du er på andre sida (austsida), går det ein skogsbilveg nordover langs Otra. Kjem du med bil, er det ein liten vegstump på sørsida av fylkesvegen, der du kan sette bilen.

Ta inn på skogsbilvegen. Vegen er stengt med bom, så du må sykle eller eventuelt gå vidare.  Etter ca 1 km kjem du til eit vegskille. Ta til høgre oppover bakkane her. Tek du til venstre, kjem du i staden til slutt til Bjorå. Det er også ein fin tur, men ikkje temaet her!

Etter kort tid på sykkelen kjem du til dette vegkrysset. Ta til høgre opp bakken! Deretter er det bare å følge vegen vidare. Foto: Geir Daasvatn

Nå er du inne på rette vegen, og kan bare følge han vidare. Om du følger godt med, og kikkar deg litt rundt, vil du sjå to fløytingsdammar i løpet av turen. Omtrent midtvegs er det også eit flott fossefall i Gymsåna. Akkurat her går vegen eit stykke frå elva. Så du må av sykkelen og gå eit lite minutt bort til fossen. Det tilrår me på det sterkaste. Det er ein ypparleg stad å ete nistematen.

Når du nærmar deg slutten av vegen, kjem det eit nytt vegskille. Ta framleis til høgre og følg vegen til endes. Alternativt, eller på tilbakevegen, kan du svinge innom den andre vegstubben. I enden av den er du i nærleiken av Bjoråøygard. Der trur gardkjennarane at det kan ha vore ein gard i mellomalderen, før Svartedauden la så mange gardar øyde.

Anten det er ein tøff treningstur på terrengsykkelen du vil ut på, eller bare ein romantisk tur med kjærasten, er denne turen langs Gymsåna eit kjempefint alternativ til dei meir kjente stadane i bygda.

Kos deg på tur!

Kart

Du må gå 100 meter frå vegen til Storefoss. Men når du først er komen så langt, burde du absolutt ta deg tid til denne lille avstikkaren. Foto: Geir Daasvatn
Del "Klepp – Gymsåna"