Klevestøknutten – Hornnes

Idyllisk skogstur til fint utsiktspunkt!

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome til Klevestøknutten. Du kan også starte turen frå parkeringsplassen ved Hornnesheimen, og følge løypa til Masi derfrå.

Fjellet er ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt Ti toppers-opplegg i 2020.

Meir om løypa

Du kan parkere ved Hornnes barnehage, rett innanfor skulen. Der er det skilt med kart som syner vegen til både Masi og Furustovhei. Først går du gjennom forsøksfeltet med granskog. Ved Varmedokka kan du velge om du vil ta ein rundtur på 2 km opp til Masi, eller om du vil gå strake vegen (1 km). Me tilrår kortaste veg! Løypa er nå ganske bratt oppover mot Ærdalsbassenget, men ikkje sånn at du på noko vis må klatre. Det er bare ein  nydeleg skogstur.

Frå Ærdalsbassenget følger du løypa vidare mot Masi. Rett før toppen står det skilt til Fennefossfjellet. Følg den løypa vidare i 300 meter. Der er det ein nytt vegskille. Nå skal du følge løypa mot Furustovhei. Du går på denne stien resten av vegen opp til Klevestøknutten, så du kan vanskeleg trø feil. Det er blå merke langs løypa også, så det er ikkje noko problem å finne fram sjølv om du skulle vere i ukjent terreng.

Annonse

Ta deg 5 minutt og ein slurk vatn i denne glassklare bekken før du hastar vidare! Foto: Geir Daasvatn

Det er eit par ganske bratte bakkar. Men ellers vil me seie at løypa går gjennom kupert skogsterreng, som passar folk i alle aldrar og form. Nokre parti inne  skogen er reint idylliske.

Vel oppe på toppen får du eit fint utsyn utover Hornnes-bygda. Det er mest så ein kan få ei tåre i augekroken, så vent er det.

Alternative ruter

Når du nå er komen fram til toppen, kan du sjølvsagt snu og gå same vegen tilbake. Då er det tale om ein tur på rundt 5 km (2,5 km kvar veg).

Om du har lyst på ein lengre tur, kan du følge løypa vidare til toppen av Furustovhei. Frå Klevestøknutten til Furustovhei vil me anslå at distansen er rundt 0,8 km.

Frå Furustovhei kan du ta same vegen tilbake, eller fortsette vidare framover mot Fennefossfjellet. Ikkje ta inn på det fjellet, men følg bare løypa tilbake til Masi. Då blir det ein ordentleg bra rundtur til slutt.  Du kan sjølvsagt også stikke bortom Fennefossfjellet, om du er slik ein supersprek toppidrettsutøvar! Nøyaktig kor lange desse ekstraturane er, skal me ikkje ha sagt. Men dei blir nok eit par kilometer lengre, vil me tru. Det står skilt med avstandane på, så du kan jo bare sjølv vurdere korleis dagsformen er.

Det er altså eit vell av fine turløyper i dette området, som du kan utforske nærare. Men ta nå ihvertfall den idylliske turen  til Klevestøknutten først, og gi deg god tid til å nyte utsikten frå toppen av åsen.

God tur!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!