Starten på Kvietjønnvegen ved Breistøl på Kjetså. Foto: Geir Daasvatn

Kvietjønnvegen

Kvietjønnvegen er ein skogsbilveg i Hornnes. Det er ein kjempefin sykkeltur i idyllisk skogsterreng.

Vegen går inn ved Faret og Valhall, vestover og oppover i terrenget forbi Kvietjønn, og svingar så sørover og nedover til «nye» Breistøl ved KjetsåbruaKjetså. Vegen vart bygd i 1946-1951, og er om lag 5,8 km lang.

Bamse har vore mange gonger langs Kvietjønnvegen! Foto. Geir Daasvatn

Om du kjem frå Dåsnes, Dåsnesmoen eller Evje, er det naturleg å byrje turen i Valhall. Du held til høgre oppover langs Dåsåna, og kjem snart til ein bom. Då veit du at du er på rett veg. Frå bommen og eit par kilometer vidare til Kvietjønn er det ganske jamn stigning oppover i terrenget. Frå Kvietjønn går det bratt nedover til «Essobua». Herfrå er det ganske slett ein kilometers veg, før det siste stykket ned til Breistøl er utforbakke igjen. Frå Breistøl kan du sykle 1 km tilbake til Kjetsåkrysset på Rv-9, og ta Hornnesvegen forbi Hornnes kyrkje tilbake til utgangspunktet ved avkøyringa til Valhall.

Kjem du frå sør, eller kanskje frå Hornnes Camping, er det like naturleg å svinge innover mot Kjetså, og sykle Kvietjønnvegen frå «nye» Breistøl. Altså sykle motsatt veg. Då får du den bratte oppstiginga frå Essobua, og ei lang utforkøyring nedover til Valhall.

Ting å sjå langs vegen

Om du «bare» er ute på ein roleg søndagstur, kanskje saman med kjærasten, vil de kanskje ta dykk tid til ein stopp eller to langs ruta. Rett etter husa i Breistøl, ved bommen i den enden av vegen, går det ein veg mot høgre kanskje 500 meter oppover i terrenget til den gamle husmannsplassen Hasseldalen. Mellom Breistøl og Essobua går det ein avstikkar på eit par hundre meter inn til den gamle husmannsplassen Birkåsen. Herfrå kom treskjeraren Salve Birkås, ein av dei største kunstnarane Hornnes har fostra. Ved vestre enden av Kvietjønn, litt inn i skogen frå vegen, er det ein gamal fløtingsdam.

«Essobua», kva er det? Nei, nokre løyndomar skal me som vaks opp i Hornnes på 1970-talet ha for oss sjølve!

Kart over området

Kjelder:

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Kvietjønnvegen"