Håtveitfossen 16. juni 2019. Foto: Geir Daasvatn

Langs Håtveitåna

Håtveitåna er ei kort, lita elv mellom Kleveland og Lislevatn på heia langs Arendalsvegen.  Ho renn bratt nedover i terrenget frå Vikstølvatnet til Hovlandsåna. Det er ei veldig fin oppleving å vandre på den gamle gardsvegen mellom Håtveit og Vikstøl.

Håtveitåna er regulert, og vatnet blir utnytta i det vesle Lislevatn kraftverk som ligg nede ved Fv-42. Difor er det ikkje alltid så mykje vatn i elva. Men når vassføringa er stor, kan ho vere eit imponerande syn. Rett etter utlaupet frå Vikstølvatnet renn elva utfor Håtveitfossen. Han er ofte tørrlagt. Men er det storflom, er han litt av eit syn! I juvet nede ved kraftverket er det eit anna spektakuklært fossefall; ikkje mykje kjent men mykje besøkt av underteikna fordi det alltid er så fint å fotografere der.

Du ser dette spesielle fossefallet best om du går inn i juvet rett bak kraftverksbygget, på vestsida av åna. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Ta Arendalsvegen austover frå Evje, eller vestover frå Vegusdal-krysset. Straks du er forbi Kleveland, kjem du til den vakre bygningen til Lislevatn kraftverk. Rett over brua, på andre sida av Håtveitåna, er det ein grei parkeringsplass. Der kan du sette bilen eller sykkelen.

Nå kan du anten gå gjennom skogen oppover langs austsida av åna til du støyter på stigen til Vikstøl, eller du kan gå gardsvegen oppover til Håtveit og følge stigen vidare derfrå. Det bur ikkje folk på Håtveit lenger; men staden er fint halden i stand som fritidseigedom. Så vis omsyn om det skulle vere folk der. På kartet nederst i artikkelen er stigen greitt teikna inn. Det skal ikkje vere noko problem å finne fram.

Så snart du er inne på sjølve stigen, kan du bare nyte turen vidare oppover i skogen mot Vikstøl. Det må ha gått ein mykje brukt gardsveg her langt tilbake i tid, for mange stadar er stigen tydeleg mura opp.

Frå starten nede ved Arendalsvegen og opp til Håtveitfossen er det nok ikkje lenger enn om lag 1,5 km. Det er såleis ingen lang tur dette, men ei nydeleg oppleving når fargane i naturen er på sitt finaste. Om du har lyst til å gå litt lenger, kan du til dømes gå vidare ovafor fossen til garden Vikstøl. Eller du kan ta ein tur opp på Drosefjell. Men dei turane vil me skrive meir om for seg sjølve.

God tur!

Kart over området

Stigen mellom Håtveit og Vikstøl. Biletet er teken i juli, når fargane i skogen kan vere heilt nydelege! Foto: Geir Daasvatn

Klikk på bileta i galleriet for forstørring

Del "Langs Håtveitåna"