Lian turløype – Evje

Kortreist turglede!

Lian turløype ligg like bak Tingberget bustadfelt på Evje, og er ein kortreist skogstur du kan gjere når som helst.

Dette er ikkje ein avansert tur som krev store førebuingar. Bur du i Evje-området, kan du sykle eller gå til startpunktet. Løypa går først nokre hundre meter på ein gamal skogsbilveg, og deretter til toppen av kollen Lian  gjennom fin furuskog og på mjukt underlag. Når du kjem opp på toppen, har du fint utsyn heilt opp til Moseid i nord og langt nedover forbi Verksmoen i sør.

Korleis kome dit

Du kan gå, sykle eller køyre bil opp Arendalsvegen til kjettingplassen i Grasdalen, eit godt stykke før du er på Galteland. Frå kjettingplassen går du om lag 100 meter tilbake mot Evje sentrum. Ta inn til venstre (sørover) på skogsbilvegen som snart dukkar opp. Følg skogsbilvegen 300-400 meter. Mot enden av vegen skal du ta til høgre, og gå gjennom skogen på grei sti til toppunktet. I vanleg tempo vil du kanskje bruke rundt 15 minutt opp til toppen, og det same eller litt mindre tlbake. Så dette er i sanning kortreist turglede!

Heile løypa er godt merka. Det er dessutan skogsbilveg og fin sti du kan følge. Så å finne fram er ikkje noko problem. Turen er også ein av toppane i Otra IL sitt turopplegg Ti Toppers i 2020.

Annonse

God tur!

Det er slak stigning frå starten av løypa og mest heilt til toppen. Bare dei få siste meterane (biletet) er det ei lita bratt kneik. Foto: Geir Daasvatn

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!