Skjerkevegen – Uleberg

Skjerkevegen er ein 10 km lang gards- og skogsbilveg på Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Han vart bygd i 1973. Vegen passar ypparleg for ein heietur på sykkelen.

Skrive av Geir Daasvatn

Vegen startar frå Fv-302 ved Uleberg nede i Dåsvannsdalen og går nord-austover i heia fram til Vassendvatnet. Han er bomveg, så du kjem ikkje fram med bil.

Frå Uleberg-gardane er det ganske bratt stigning eit par kilometer. Ved inntaksdammen til Uleberg kraftverk flater terrenget ut. På vestsida av vegen reiser den særmerkte fjelltoppen Svaba seg. I same området ligg også den svære Hunsfossen. Vidare innover i heia følger vegen i store trekk elva Skjerka. Før ein kjem til enden av vegen ved Vassendvatnet passerer ein Mykestølvatn og Romedalsvatn.

Vegen er ein fin grusveg, som du greitt kan sykle på med ein vanleg sykkel. Om hausten bør du ta hensyn til jakttidene, og kanskje ikkje akkurat legge ut på turen midt i elgjakta.

Korleis kjem du dit

Frå rundkøyringa i Dåsnes tek du nordover i Dåsvannsdalen. Etter om lag 8 km kjem du til Uleberg. Om du kjem med bil, kan du parkere til dømes ved det gamle skulehuset, rett ved fylkesvegen. Noko før du er ved skulehuset, går Skjerkevegen oppover bakkane forbi gardane på Uleberg. Du kan ikke ta feil av vegen!

Me har tidlegare (2015) køyrt heilt opp til inntaksdammen til Uleberg kraftverk, og parkert bilen der. Då slepp du i tilfelle dei lange bakkane i starten av løypa. Me er litt usikre på om dette framleis er mogeleg, då det er teikna inn ein bom lenger nede i bakkane i dag. Me skal få det sjekka ut, og oppdatere innlegget så snart det er gjort.

Ha ein nydeleg tur!

Kart over området

Vassendvatnet er endepunktet for vegen. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

Del "Skjerkevegen – Uleberg"