Steinsfjell

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. Det er eit «kortreist», men flott turmål!

Skrive av Geir Daasvatn

Når du kjem opp mot toppen, går det fin sti fram til utsiktspunktet. Foto: Geir Daasvatn

I vesthallet av fjellet, mot sentrum, ligg Trollbakken hoppanlegg. Mot sør ligg den store skytebanen som var hovudarena under Landsskytterstemna på Evje i 1999 og 2009, og som skal vere det igjen i august 2019. På toppen av fjellet har Forsvaret ei varslingsmast for skyteøvingar i Evjemoen skyte- og øvingsfelt.

Toppen er eit populært turmål. Herfrå er det eit vidt utsyn utover heile den svære sletta som utgjer det militære skyte- og øvingsfeltet.

Det skal ha vore bygdeborg på Steinsfjell. Under Fennefossfjellet står ein svær stein. Etter gamal folketru var det rysen i Steinsfjellet som kasta steinen etter gygra i Fennefossfjellet utan å nå fram.

Korleis kome dit

Du kan gå eller sykle bort til Evje stadion. Der kan du også parkere bilen, om du kjem på det viset. Derfrå er det bare å spasere bort til Trollbakken hoppanlegg. Du kan følge vegen som går opp til toppen av anlegget. Når du er rett under stillaset i den største bakken, følger du bare den gamle stolperekka oppover i terrenget, og kjem inn på stien vidare etter 50-100 meter. Du kan også starte turen meir til venstre i anlegget, borte ved alpinbakken. Derfrå går det synleg sti oppover i terrenget til du støytar på sjølve turløypa litt i overkant av hoppbakkane.

Om du har lyst på litt variasjon, er det mogeleg å følge ei grønnmerka løype frå toppen ned «baksida» av fjellet. Då får du ein fin rundtur.

God tur!

Se bilder av turløypa

Kilde: Setesdalswiki

Evjemoen med hovudarenaen for Landsskyttarstemnet i 2019, sett frå Steinsfjell 27. juni 2019. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

 

Del "Steinsfjell"