Store Våkås

Roleg rusletur i Hornnes-skogen
Store Våkås er ein liten ås på veg mot Hannåsfeltet i Hornnes. Åsen er kort og lett å gå til. Løypa er ypparleg for ein kveldstur med hunden, eller om du vil ha eit overblikk over den gamle militærleiren på Hannåsfeltet. Traktene rundt Store Våkås er også eit populært område for bærplukkarane.

Skrive av Geir Daasvatn

Store Våkås er ikkje den staden du går til om du vil ha ein knalltøff treningstur eller storfelt utsikt. Ein tur her er meir ein koseleg rusletur i småkupert terreng. Turløypa er eitt av måla i Otra IL sin Ti Toppers i 2020. Når du kjem opp til sjølve toppunktet, er ikkje utsikten veldig imponerande. Derimot får du eit framifrå inntrykk av kor mykje fin furuskog det er i Hornnes. Men me som er litt kjende på staden, veit at du kan gå litt fram i terrenget, til ein bergkant, der du får eit flott utsyn sørover mot den nedlagte Hannåsleiren og Hannåsfeltet. Så det er mange gode grunnar til å ta ein tur opp til Store Våkås, sjølv om dette ikkje er den mest imponerande turløypa i bygda.

Korleis kjem du dit

Frå Kjetsåkrysset på Rv-9 tek du vestover til Kjetså. På Kjetså skal du ta vidare mot Sveindal. Du køyrer eit par kilometer, og kjem forbi avkøyrsla til Hannåsmoen. Nokre få hundre meter etter det kjem du til en liten parkeringsplass på venstre hand. Der kan du sette ned bilen, eller sykkelen om det er slik du har tatt deg fram så langt. Frå parkeringsplassen går det ein skogsbilveg ganske bratt oppover i skogen. Opp den bakken tek turen til. Otra IL har merka løypa vidare med grøn/kvite band. Først går du eit stykke på skogsbilvegen. Mot toppen går du ut av vegen, og fortset på tydeleg opptrakka stig til du er framme. Vegen til toppen er det såleis null problem å finne. Du ser også løypa som stipla linje på kartet nedanfor her. Lengda på turen? Me vil seie rundt 1 km kvar veg, i alt 2 km.

Annonse

Kart over området

God tur!

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!