Tjovhola – Bygland

Tjovhola er ei svær, naturleg hole høgt oppe i fjellsida mellom Byglandsfjord og Neset Camping. Det er bratt opp, og tungt å gå, men ein kort og spennande tur!

Skrive av Geir Daasvatn

Hola er rundt 15 meter brei i opninga, og 12 meter høg. Ho går innover i fjellet om lag 30 meter. Ekspertane trur havet ein gong har stade så høgt oppe som her, og at vind og bylgjer har slite ut laust fjell. Under istidene har nok også isbreen arbeidd med fjellsidene her, og gjort sitt til utforminga. Fjellet er av ein slag som er utsett for naturleg forvitring, slik at sand, grus og stein har rasa ut og samla seg nedanfor hola.

Les mykje meir om Tjovhola på Setesdalswiki

Fint utsyn fleire stader på veg oppover mot hola. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Frå Byglandsfjord tek du nordover på Rv-9 mot Neset Camping. Rett før du kjem til den skarpe svingen før Neset, er det ein parkeringsplass på høgre side av riksvegen. Der står det også skilt som syner startpunktet på løypa. Løypa er greitt merka oppover i lia, med oransje og blå farge på trea.

Løypa er om lag 500 meter lang. Men ho er jamt bratt, og går gjennom steinur, så du bør sette av god tid. Du bør ha gode sko, minst joggesko med godt grep. Om det er blautt, kan steinane vere litt glatte her og der. Når du kjem oppover i lia, har du fleire stader nydeleg utsikt utover Byglandsfjorden og nedover mot Revsnes Hotell og Byglandsfjord.

Ha ein fornøyeleg tur!

Om Tjovhola turløype hos Visit Setesdal

Kjelder: Setesdalswiki/Reidar Tveito

Klikk på bileta for forstørring

Del "Tjovhola – Bygland"