Trollfoss – Vegusdal

Trollfoss i Hovlandsåna forbi Flateland i Vegusdal er ein svær foss på ein litt mystisk plass. Det er ingen lang tur. Men om du er forbi desse traktene, er fossen verkeleg verdt ein avstikkar.

Gjennom tusentals år må elva ha grave seg ned i fjellet, og laga det svære og tronge juvet ho renn gjennom her. Når det er litt vatn i elva, er fossen eit mektig syn.

Korleis kome dit

Her ved bommen kan du starte turen. Det er bare nokre få minutt å gå ned til fossen. Foto: Geir Daasvatn

Rett vest for Vegusdalkrysset på Fv-42 (Arendalsvegen), 23 km aust for Evje, går det bygdeveg inn til garden Flateland. Køyr om lag to kilometer mot garden. Rett før du kjem fram, går det ei bru over åna. Rett etter brua er det eit svært sandtak. Foran bommen der kan du parkere. Derfrå går du bare gjennom sandtaket, og finn ein grei veg ned til elva rett nedanfor (til høgre for deg). Følg elva gjennom skogen eit par hundre meter, med straumen, og du kjem til fossen. Det er ikkje merka løype, men ikkje noko problem å finne fram.

Best utsyn mot fossen får du frå fjellknausane rett imot fossefallet. Men pass på! Her er det bratt, høgt og farleg, så ver forsiktig.

God tur!

Artikkel om Trollfoss på Setesdalswiki med kart

 

Trollfoss er både vakker og mektig! Foto: Geir Daasvatn
Del "Trollfoss – Vegusdal"