Vasslandshei – Abusdal

Fint utsiktspunkt sør-vest i Evje og Hornnes!

Ein tur opp på Vasslandshei (437 moh.) ved Vasslandstjørna på Abusdal er bare ein svipptur på kanskje ein halv time. Men du og du for ein fin utsikt du får tilbake for innsatsen!

Det er ikkje så mange fastbuande på Abusdal lenger. Men det er masse fritidsbustader i grenda, og endå mange fleire på nærliggande gardar som Fjellestad, Espetveit, Kalland og Abusland. Så ein svipptur opp til Abusdal og Vasslandshei kan høve for mange. Ikkje så langt unna ligg det spesielle geologiske fenomenet «Glova», ein ekstra god grunn til å ta ein tur til denne fine heiegarden.

Korleis kome dit

Køyr Fv-301 fra Hannåsmoen ved Moisund vestover til Abusdal. På Abusdal tar du ned vegen til Vasslandstjønna. I botnen av bakken er det ei lita bru. Rett over brua er det mogeleg å parkere. Løypa er ikkje merka. Men gå vegen opp forbi dei næraste hyttene, langs bekken. Litt bak dei siste hyttene byrjar ei traktorslepe. Følg ho oppover i terrenget mest til toppen av lia. Når du nærmar deg toppen, vil du få auge på ein tydeleg sti som går til venstre ut mot sjølve toppen. Følg stien i 100-200 meter og dermed er du komen fram.  Det er ein gapahuk og ei postkasse der, som også fortel at du er på rett plass. Nå kan du bare gå litt fram mot kanten, og skue utover åsane langt nedover i Marnardal.

Det er jamn stigning oppover, men langt frå klatring. Du brukar kanskje ein halv time til topps, frå der du parkerte bilen eller sykkelen. Ned igjen går det rimelegvis litt fortare, rundt eitt kvarter i vanleg gå-tempo vil me tru. Skotøy kan vere vanleg gode joggesko.

God tur!

Frå toppen av Vasslandshei ser du Abusdal-grenda i all si prakt, og det er vid utsikt sørover heiane mot Marnardal. Foto: Geir Daasvatn

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!