Stavdalsnuten

Stavdalsnuten er eit fjell (582 moh.) på nordsida av Stavedalen, nord-vest for Murtetjønn på Tveit i Hornnes. Frå toppen er det ein svært vid utsikt. Skrive av Geir Daasvatn Turen er ein idyllisk gåtur i heieterrenget mellom Tveit og Bjørndalsvatnet, på nordsida av Fylkesveg 42. Først går du eit godt stykke ganske jamt og småkupert oppover gjennom myr- og skogsterreng. […]

Kvålen – Flatebygd

Kvålen er ein liten ås mellom Tveit, Flåt og Flåt nikkelgruve i Flatebygd. Skogen i området blei hogd ned for ei tid sidan, og toppen av åsen er nå eit fint utsiktspunkt i alle retningar. Toppen er eitt av turmåla i Otra IL ski sitt 10-Toppers-opplegg for 2022. Skrive av Geir Daasvatn Turen opp til […]

Vatnedalen – Bykle

Det går veg inn til Vatnedalsdammane frå Riksveg 9 ved Berdalsbru i Bykle. Frå damanlegget går det anleggsveg (grusveg, stengt med bom) vestover, på sørsida av Vatnedalsvatnet, heilt inn til andre enden av vatnet. Strekninga er om lag 20 km, altså 40 km t/r. Det er ein fantastisk fin sykkeltur. Skrive av Geir Daasvatn Det […]

Langevatn – Åseral

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den […]

Kjetevatn – Vegusdal

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen i Vegusdal, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes.  Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og vidare nordover til Førevatn. Skrive av Geir Daasvatn Dette er eit nydelig heieterreng, og perfekt for ein koseleg sykkeltur ein varm sommarkveld. Det ligg nokre få fritidsbustadar langs vegen. Om […]

Bjørnestøl – Hornnes

Bjørnestøl («Heia») er ein heiegard i området rundt Gåseflå og Matkroni ved Gunnarsåna på heia vest i Hornnes, inn mot grensa til Åseral. Det er ingen fast busetnad på garden idag, men ein del fritidsbustader. Matkronvegen går inn til området frå Fylkesveg 42 ved Bjørndalsvatnet. Men inn til Heietjønn, der dei opphavelege bruka låg, er det veglaust. Det er litt underleg og tankevekkande å vandre rundt i kulturlandskapet […]

Dalemannsteinen

Dalemannsteinen er ei svær steinblokk ved breidda av Otra rett under Fennefossen på Fennefoss i Hornnes. Tekst/foto: Geir Daasvatn Når folk på veg frå Kristiansand til Setesdal i eldre tider brukte båt på Kilefjorden, måtte dei gå i land nedanfor Fennefossen. Der dei gjekk i land, ved Mylla, låg denne store steinen, som altså blei kalla «Dalemannsteinen». Steinen ligg der enno, som eit fint […]

Evje kyrkje

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre. Ho vart bygt av Ludvik Karlsen i 1890–1891, og vigsla 16. desember 1891.  Det er plass til 450 personar, og kyrkja har galleri. Døypefont og preikestol er og bygt i 1891, og er i tre. Altertavla frå 1891 er ein kopi av Adolph Tidemands «Oppstandelsen» frå Bragernes kirke […]

Hornnes kyrkje

Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes. Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet vart utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er […]

Dammane ved Skjerkevatn

Ved Skjerkevatn oppe i heia vest for Ørevatn i Åseral er det bygt to svære steinfyllingsdammar som demmer opp Skjerkevatn og Nåvatn til eitt stort, samanhengande magasin for Skjerka kraftverk. Dei erstatta fem gamle betongdammar i Skjerkevatn og Nåvatn. Dammane er spektakulære byggverk, som det er ei stor oppleving å kikke nærare på. Etter planlegging […]