Evje kyrkje 14. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn

Evje kyrkje

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre.

Ho vart bygt av Ludvik Karlsen i 1890–1891, og vigsla 16. desember 1891.  Det er plass til 450 personar, og kyrkja har galleri. Døypefont og preikestol er og bygt i 1891, og er i tre. Altertavla frå 1891 er ein kopi av Adolph Tidemands «Oppstandelsen» frå Bragernes kirke i Drammen frå 1871. Orgelet er frå 1961. I 1985 fekk kyrkja nye messehaglar frå Kirkelig Kulturverksted.

For eindel år sidan var det problem med takkonstruksjonen. Berebjelken i mønet hadde store sprekkar, og ein var redd for at han kunne gje etter ved store snøfall. Det blei då sett opp eit par ekstra stolpar inne i kyrkja for å stive av takåsen.

Utanfor kyrkje står Minnesteinen ved Evje kyrkje og Evje kyrkjegard ligg rundt kyrkja. Det er fleire gravhaugar i området.

Kyrkja er ikke open for besøk utanom dei faste tenestene. Men ho ligg idyllisk plassert på ei lita høgde, nær breidda av Otra, og er vel verdt å beundrast utanfrå. Det er til dømes fint med ein stopp her, om du er på sykkeltur langs Sykkelrute nr. 3.

Korleis kjem du dit

Evje kyrkje ligg aust for Riksveg 9, ved Fylkesveg 306 opp til Flatebygd, om lag to km nord for Evje sentrum.

Kart

Kjelder

Klikk på bileta for forstørring

Del "Evje kyrkje"