Avdagsfjellet

Avdagsfjellet er eit fjell (544 moh.) på Frikstad, nord for Fylkesveg 292, nord i Iveland.

Fjellet er ein lys pegmatitt. Under den siste istida, for meir enn 10 000 år sidan, skrapte isbreane mot fjellgrunnen, og dei harde pegmatittane blei mindre slitne ned enn den sprøare amfibolitten rundt. Mange av fjelltoppane i Iveland og Evje som stikk opp frå terrenget rundt, er difor av denne slagen. Avdagsfjellet er eit populært turmål. Det er ein veldig vid utsikt frå toppunktet.

Korleis kome deg dit

Frå Evje tek du Fv-42 mot Arendal. Etter 4 km, på Galteland, svingar du av FV-42 og tek sørover mot Iveland. Der vegen skiller seg rett før Vånne skal du vidare mot Iveland, og ikkje sørover mot Moisund. Du kjem forbi garden Øvre Li, og køyrer vidare mot Frikstad. Litt før Frikstad er det eit lite hyttefelt, med ein parkeringsplass nedanfor. Det går merka turløype inn til Avdagsfjellet derfrå.

Løypa går gjennom småkupert skogslandskap og nokre myrer. Lengda på turen er litt under 2 km ein veg. Det er ein veldig triveleg tur i fint ver! Det kan me attestere, etter å ha testa løypa sjølv ein vakker septemberdag.

Sjå kart over området her

Kjelde: Setesdalswiki

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Turløypa innover mot Avdagsfjellet ein septemberdag i 2018. Foto: Geir Daasvatn
Del "Avdagsfjellet"