Dalemannsteinen

Dalemannsteinen er ei svær steinblokk ved breidda av Otra rett under Fennefossen på Fennefoss i Hornnes.

Tekst/foto: Geir Daasvatn

Når folk på veg frå Kristiansand til Setesdal i eldre tider brukte båt på Kilefjorden, måtte dei gå i land nedanfor Fennefossen. Der dei gjekk i land, ved Mylla, låg denne store steinen, som altså blei kalla «Dalemannsteinen». Steinen ligg der enno, som eit fint minne om noko som ein gong var.

Korleis kjem du dit

Frå Evje sentrum kan du ta over Birkelandsbrua og følge Fennefossvegen til forbi husa i Mylla rett ved Fennefossen. Der kan du gå ned på nedsida av vegen, og følge elvebreidda eit kort stykke til du kjem til steinen. Frå sør kan du ta inn på Fennefossvegen rett før Fennefossbrua, og følge vegen fram til same staden.

Anten du startar turen frå Evje sentrum, Odden Camping, Fennefoss Camping, Dåsnesmoen eller kvar som helst ellers, er dette ein kjempefin kveldstur til fots eller på sykkel. Ein god idé kan vere å kombinere titten på steinen med sykkelturen Fennefoss Rundt. La uansett kva du velger bilen bli ståande!

Kart

Kjelder

 

Del "Dalemannsteinen"