Hannåsfjellet

Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune. Om du tek turen dit, blir du lønna med ein nydeleg utsikt over Moisund og vidare sørover mot Ivelandsbrua, og vestover mot Tønnesland.

Fjellet stig bratt opp bak garden til den vidgjetne tømmerbilsjåføren Nils Thomas Hannås på Nedre Hannås. Turen dit kan starte ved fjellhallane i KleveknutenHannås, sør for Gokartbanen.

Gled deg til du når toppen! Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Rett nord for Gullringstjønn er det grei plass å parkere bilen på austsida av Rv-9, om lag ved innkøyringa til Strauman. Du ser derfrå skogsbilvegen som startar frå vestsida av riksvegen. Du følger denne fine grusvegen oppover i terrenget om lag 1 km. Ved enden av vegen er det ein privat skytebane i eit lite grustak. Her startar ein merka sti sørover mot toppen. Det er godt synleg sti, merka med kvite og grøne band. Nokre bratte parti må du forsere, men ingen som er vanskelege å kome opp. Når du nærmar deg toppen, flatar terrenget ut. Bortover mot sjølve toppunktet er det fleire stadar med storslegen utsikt aust- og sørover. Kikkar du deg litt rundt, kan du endåtil sjå heilt opp til Evje og Bertesknapen.

Hannåsfjellet er eitt av turmåla i Otra IL ski sitt «Ti Toppers»-opplegg i 2020.

Kart over området

God tur!

Trykk på bileta for forstørring

 

Del "Hannåsfjellet"