Hisdalsheii – Hornnes

Hisdalsheii er eit fjell (485 moh.) rett sør for Bjørndalsvatnet og vest for Kosvatn heilt vest i Evje og Hornnes.

Hisdalsheii var ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt turopplegg Ti Toppers i 2015, og er eit fint turmål. Frå toppen ser du vidt utover både Bjørndalsvatnet og Kosvatn. Ein av dei største turentusiastane i Evje og Hornnes og truleg på heile Sørlandet, Per Eivind Weckhorst, har skildra ein tur til toppen av Hisdalsheii slik:

«La det være sagt med det samme: Dette var den største positive overraskelsen blant alle toppturene til nå. Jeg forventet meg en litt traust topp, men tok så feil som jeg kunne ta!

Oppgangen til denne svært flotte toppen finner man like etter at man har passert Bjørndalsvannet. Dette ligger like før den gamle fylkesgrensa på Sveindalsveien. Ved første avkjøring etter vannet er det en bom, og her parkerer man.

Man følger så veien rundt halvannen kilometer før man ta av i terrenget. Den første delen av terrenget er ganske bratt, men det er god sti som er greit merket.

Terrenget stiger jevnt, og man nærmer seg toppen uten at man legger merke til at det skal være noe særlig spesielt. Når man kommer opp åpenbarer det seg imidertid en enorm vid og flott topp med virkelig panoramautsikt i alle retninger! Rett og slett en fantastisk topp!»

 

Klikk på bileta for forstørring. Alle fotos: Per Eivind Weckhorst

Det er funne minst seks steinalderlokalitetar/buplassar ved Kosvatn, og endå fleire langs Kosånavassdraget både sør og nord for Kosvatn. Funna strekar under at det må ha vore eit folkeliv å tale om i dette området alt for 4-5000 år sidan.

Bli inspirert til mange fleire spennande turar i Kosåna-området her

Bjørndalsvatnet sett frå lia på veg oppover i Hisdalsheii. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Frå Hornnes køyrer du Fv-42 (Sveindalsvegen) ca 15 kilometer til vestre enden av Bjørndalsvatnet, rett før du kryssar den tidlegare fylkesgrensa til Vest-Agder. Herfrå kan du gå langs ein skogsbilveg (bomveg) sør-austover ca 1,4 kilometer. Der vegen sluttar, må du følge terrenget til toppen, ca 1,1 kilometer.

Ein annan mogelegheit er å køyre til Abusland og Hattefoss, og gå gjennom terrenget til toppen av Hisdalsheii derfrå.

Kart over området

Kjelder: Artikkelen om Hisdalsheii på Setesdalswiki

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Hisdalsheii – Hornnes"