Mannspannstoga frå Kyrvestad i Valle. Foto: Geir Daasvatn

Lislestog – Bykle

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd.

I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, men er plasserte etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.

Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere henne tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flytta hit eit nytt tømra hus som var bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er elles stoge, to loft, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.

Korleis kjem du dit

Når du køyrer gjennom Bykle kyrkjebygd på Riksveg 9, ligg Lislestog rett på andre sida av vegen for den gamle kyrkja i Bykle. Museet er ope for publikum i sommarsesongen.

Kart

Kjelder

Meir om Setesdal

Klikk på bileta for forstørring

Del "Lislestog – Bykle"