Nomelandsloftet. Foto: Geir Daasvatn

Loftet på Nomeland, Der oppe

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad. Det ligg rett ved Riksveg 9, og er lett å sjå når du er forbi der.

Skrive av Geir Daasvatn

Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at loftet, i det minste underhøgda, er bygd før Svartedauden (før år 1350). Bygningskjennaren Arne Berg held fram at alderen på overhøgda er meir usikker. Men han trur at også den delen er frå før Svartedauden. Loftet er såleis eitt av dei eldste bygga i Setesdal i dag.

Eit trekk ved loftet er at det er ulike novhogg i dei to høgdene. Dette er ikkje så uvanleg. Men det er meir sjeldant at skilnaden er så stor som i dette loftet. Loftet er automatisk freda etter Kulturminnelova.

Her kan du lese mykje meir om loftet

Korleis finn du loftet

Om du kjem køyrande nordover på Riksveg 9 forbi Rysstad, skal du først passere avkøyrsla til Brokke-Suleskarvegen. Rett etter det skal du også forbi Setesdal Folkehøgskule. Straks etterpå vil du sjå det vakre loftet nær vegen, på di venstre hand. Loftet er i privat eige.

Kart over området

Kjelder

Del "Loftet på Nomeland, Der oppe"