Minne kultursenter i Åseral 26. juni 2021. Foto: Geir Daasvatn

Minne kultursenter – Åseral

Minne kultursenter ligg i Kyrkjebygd i Åseral. Det er bare ein køyretur på 45 minutt frå Evje. Her kan du lære meir om den rike kulturhistoria til dei gode naboane våre.

Her er Turistinformasjonen, lokalhistorie i form av utstillingar og dokumentarfilmar, kunstutstillingar, folkebibliotek, gåvebutikk og ein liten kafé. Gjennom året er det faste og skiftande utstillingar og arrangement.

Det er eit flott uteområde rundt bygget som kallast eplehagen.

Kultursenteret blei opna sommaren 2010. Dagleg leiar (2021) er Tor Reidar Austrud.

Sommaren 2021

Ope kvar dag 28. juni–8. august kl. 10–17

Kjelder

Del "Minne kultursenter – Åseral"