Runebergmoen – Senum

Runebergmoen er eit stille skogsområde på Senum heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Her kan du i fred og ro vandre rundt på mjuke gamle stiar, medan du bare lar tankane flyge dit dei vil.

Skrive av Geir Daasvatn

Frå 1884 var bygdeveg gjennom Senum opp til , over kommunegrensa til Bygland. Folk som gjekk til fots nytta likevel helst den breie stien gennom Runebergmoen til Fagersand. Det var mykje kortare. På Fagersand låg det mange båtar, som dei brukte til å ro seg over det korte strekket til Byglandsfjord.

Båtane forsvant  då det kom bru over Senumsund i 1966. «Men dei breie stiane gjennom skogen, dei er her framleis», skriv Reidar Tveito i det fantastisk fine heftet sitt om «Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord» (2017).

Korleis kjem du dit

Ved rundkøyringa rett sør for Byglandsfjord tar du til venstre mot Senum. Køyr over Senumsund bru og nordover gjennom heile Senum. Når du er forbi dei siste husa, kjem du snart til innkøyrsla til det nye Runebergodden hyttefelt. På venstre hand stig den kjegleforma Horgeknipen ganske bratt opp. Her er det plass til å parkere ein bil eller to. Herfrå ser du også den breie stien som går temmeleg rett sørover over heile Runebergmoen, heilt fram til Senumskilen.

Når du har setta frå deg bilen, ligg denne fine turstien å bare ventar på deg! Foto: Geir Daasvatn

Litt om løypa

Turen gjennom Runebergmoen er kanskje rundt 400 meter. Når du er framme ved Senumskilen, tar du til venstre langs kilen og kjem etter om lag 300 meter til den nydelege, lange Fagersand. På andre sida av sundet ligg Byglandsfjord. Om du har med deg ein liten termos med kaffi og eit  sjokoladestykke, kan du sette deg ned og bare nyte stilla og det vakre synet av naturen her i fred og ro. Er det full sommar, kan du hive kleda og ta deg ein frisk dukkert.

Fagersand i haustdrakt. Foto: Geir Daasvatn

Du kan ta same vegen tilbake til bilen. Eit anna alternativ, er å ta til venstre over Kringlemoen når du kjem til der stiane delar seg. På Kringlemoen ligg det ein svær gravhaug, som truleg ikkje er så veldig godt kjent for folk flest i bygda. Denne stien endar ute ved Senumsvegen, og du kan følge vegen 200-300 meter attende til bilen. Men stien går gjennom eit gardstun like før han kjem til Senumsvegen, så me vil ikkje tilrå deg å gå her. Snu heller etter at du har funne den spennande gravhaugen, og følg same løypa tilbake som du kom.

Før du set deg i bilen og køyrer heimover; gå 100 meter nordover og du får eit nydeleg utsyn oppover Byglandsfjorden.

God tur!

Kart 

Kjelder

  • Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, 2017
  • Setesdalswiki
  • Geir Daasvatn, besøk på staden

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Runebergmoen – Senum"