Skaret – Rosselandseika

Ein nydeleg tur nær Evje sentrum kan gå frå Evje stadion gjennom skyte- og øvingsfeltet til Rosselandseika og ruinane etter den for lengst fråflytta Skaret-garden oppe i skogen på Rosseland.

Skrive av Geir Daasvatn

Å gå eller sykle gjennom feltet har me skrive mykje om i ein annan artikkel. Så det tek me ikkje oppatt her. Men rett før Rosseland bru kan du ta til venstre, og inn på vegen som går langs Bjoråna oppover mot Rosseland. Du går forbi det svære skiltet som markerer at du er ved yttergrensa for det militære området. Du fortset oppover bakken mot busetnaden på Rosseland. Rett før husa kjem du til den svære Rosselandseika. Truleg det største treet i Evje og Hornnes.  Ein sjølvfie foran treet er ei, ja – sjølvfølge!

Rita og Solveig Flottorp ved Rosselandseika 1. juni 2020. Foto: Geir Daasvatn

Nå kan du halde fram  oppover bakken til gardane på Rosseland. Der ligg til dømes det gamle skulehuset. Men akkurat på denne turen vil me heller føreslå at du snur etter å ha beundra Rosselandseika. Rett etter at du har begynt på tilbakevegen, er det ei trebru over til andre sida av Bjoråna. Ta over brua, og følg vegen gjennom skogen. Snart kjem du til den nedlagte garden Skaret. I dag er bare ruinane tilbake. Men her var det eit svært gardsbruk tidlegare. Det er underleg å vandre rundt mellom dei gamle murane, og tenke på at så seint som tidleg på 1960-talet var det masse liv på denne staden.

Den gamle låvebrua i Skaret. Foto: Geir Daasvatn

Om det ikkje er så mykje liv i Skaret lenger, er det utruleg idyllisk der inne i skogen. Ta gjerne med deg ein termos med kaffi og litt nistemat. Er du så heldig å ha ein kjærast, er ein liten matpause på murane her reint ut ei fin lita romantisk oppleving.

Korleis kjem du dit

To trufaste turgåarar – og kjærastar. Wenche og Jock Renwick på tur til Skaret. Foto: Geir Daasvatn

Ta utgangspunkt ved Evje stadion. Følg grusvegen forbi hoppbakkane til du kjem til asfaltvegen inne i feltet. Ta til høgre der, og straks deretter til venstre mot Skyttarhuset og den svære bane L, hovudarenaen for Landsskyttarstemnet. Gå opp den bratte bakken til høgre for Skyttarhuset. Ta til venstre på toppen av bakken, og følg grusvegen vidare til Rosseland bru. Ved brua skal du svinge til venstre og bare følge vegen vidare derfrå til du er ute av militært område som forklart ovanfor. Det er ikkje ei merka løype dette her, men du kan finne igjen heile traséen på kartet under.

Du kan gå same vegen tilbake, eller gjennom skogen så du kjem ut på Fv-42 ved kjettingplassen i Grasdalen mellom Galteland og Tingberget bustadfelt.  Det går ein stig her, som du delvis også finn igjen på kartet som ei prikka linje.

God tur!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Skaret – Rosselandseika"