Eg, Geir Daasvatn, som driv OpplevEvje AS saman med Leif Jørgen Versland, har ein stor hobby med å skrive artiklar frå lokalmiljøet i nettleksikonet Setesdalswiki. Desse to interessane er det svært nyttig for meg å kombinere, slik at resultatet blir forsterka og forbetra begge stader.
Eit heilt ferskt eksempel på denne gjensidige nytteverknaden er artikkelen me i OpplevEvje just skreiv om Andreas Irslinger og handverksfirmaet hans Irslinger AS. Med utgangspunkt i den artikkelen, hadde eg opplysningar til å lage ein liten artikkel om Irslinger AS på Setesdalswiki.
Register over næringsverksemdene i Evje og Hornnes
Alle artiklane eg – eller andre – skriv om næringslivet i Evje og Hornnes, og bileta som er med i artiklane, blir merka med kategorien «Næringsliv i Evje og Hornnes». På det viset får Setesdalswiki eit stadig betre utbygd register over verksemdene som finnast i kommunen vår.
Nytteverknaden går også andre vegen. Eg, eller andre skribentar på Setesdalswiki, har kanskje laga ein artikkel tidlegare om la oss seie Indre Agder Transport. Det blei faktisk gjort så langt tilbake som i 2014. I arbeidet med OpplevEvje besøkte me Rune Thorsen og Indre Agder Transport i mai 2019, og laga ein artikkel om den verksemda på OpplevEvje.no. Då fekk eg nye opplysningar, som eg kan fylle inn i artikkelen på Setesdalswiki ein gong det høver seg slik.
Det er sjølvsagt ikkje lett å halde eit leksikon oppdatert til einkvar tid. Alt arbeidet er tufta på dugnad, og gjerast innimellom andre oppgåver og interesser. Feil og utdaterte opplysningar førekjem. Men samanlikna med alternativet, eit papirleksikon som ein ikkje kan oppdatere, eller kanskje ikkje noko oppslagsverk i det heile, er det mi faste meining at Setesdalswiki held ein brukbar kvalitet og har sin misjon.
Setesdalswiki aukar informasjonsverdien til OpplevEvje.no
Ein svært nyttig sideverknad med artiklane på Setesdalswiki, er at me kan lenke til dei når me skriv saker på OpplevEvje.no. Dermed kan dei som les artiklane lett klikke på lenkene og få vite meir om ein bedrift, ein bedriftsleiar som er omtalt eller andre forhold. Informasjonsverdien av artiklane våre på OpplevEvje.no blir på dette viset mykje betre enn han ville ha vore utan lenkene. For meg personleg, som ynskjer å spre mest mulig positiv og/eller nyttig kunnskap om den kjære heimbygda mi til omverda, er nok dette den mest interessante og givande nytteverdien.
Setesdalswiki er unik
Setesdalswiki kom i gang i april 2009, og er grunnlagt av wikiveteranen Harald Haugland. På den tida budde han i Valle, men no er han busett i Mandal. På dei snart 11 åra som er gått, har Setesdalswiki blitt eit temmeleg unikt oppslagsverk for Setesdal og områda rundt. Om du klikkar deg inn på artiklane om til dømes Evje og Hornnes eller Setesdal, vil du straks oppdage kva for ein enorm «kunnskapsbank» Setesdalswiki eigentleg er om lokalmiljøet. Inkludert næringslivet i Evje og Hornnes.
Setesdalswiki er mykje brukt, og har for tida rundt 600 besøk kvar dag. Eg har ikkje inntrykk av at leksikonet er veldig godt kjent i min eigen heimkommune. Men det kan jo endre seg etter kvart!