Flåtvegen

Gjennom gamalt kulturlandskap
Langs Flåtvegen mellom Flatebygd og Gautestad kan du gå eller sykle i idyllisk, gamalt støylsområde.

På Flåtøygarden er det eldgamle merke etter dyrking. Truleg har staden vore eigen gard i mellomalderen. Så kom Svartedauden og la garden øyde. Seinare blei han støyl for Flåt-garden nede i Flatebygd. Det er ei fin oppleving i seg sjølv å vandre rundt i dei gamle åkrane, og sjå etter spor frå eldre tider.

Det er fleire øygardar (støylar) i området. Gardkjennaren Oddmund Mogstad trur at heile området i starten kan ha vore ein støyl. Så er garden Flåt gjennom hundreåra frå 1600 og framover blitt delt i fleire bruk. Samstundes vart då Flåtøygarden delt mellom dei nye bruka.

Om du er på utkikk (!) etter ein tur som endar på ein høg fjelltopp med spektakulær utsikt, er nok ein tur langs Flåtvegen innover mot Bertostjønn ved enden av vegen ikkje den du leitar etter. Men om du ein dag søker etter fred i sinnet, og bare har lyst til å kjenne på god ro, og kanskje er litt interessert i lokalhistorie samstundes; ja då er denne turen midt i blinken!

Annonse

Døløygard ligg inn mot enden av vegen, etter at du har passert Flåtøygarden. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome dit

Ta Gautestadvegen austover og oppover mot Flatebygd frå Evje kyrkje. Vidare etter Flatebygd kjem du forbi Åvesland. Ikkje så lenge deretter kjem du til staden der det går ein sideveg ned til Einerkilen. Rett etter det igjen går Flåtvegen nordover i terrenger frå Gautestadvegen. Det står skilt med vegnamnet på, så du kan ikkje ta feil.

Flåtvegen er ein privat bomveg. Så du må parkere bilen ved Gautestadvegen, og sykle eller gå vidare. Det er ein ganske lang oppoverbakke heilt i starten, men deretter småkupert vidare. Frå starten av vegen til han endar inne ved Bertostjønn kan det vere rundt 2-2,5 km.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!