Futevegen, Vegusdal, 290320. Foto: Geir Daasvatn

Futevegen – Vegusdal

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen.

Futevegen i Vegusdal tek til frå Vegusdal kapell. Du må først gå eit par hundre meter tilbake mot Evje, for å kome til den eigentlege turvegen. Løypa går gjennom skogen og over nokre svære myrområde, forbi den fråflytta garden Breisåsen og fram til Furholt. På vegen passerer du over fleire gamle bruer, og nokre spennande stadar  som Varpet og Stomesteinen der det skal ha skjedd spesielle hendingar. Delar av løypa går på skogsbilveg, i midtpartiet er det mykje rein fjellgrunn, og ellers er underlaget myrgrunn og mjuk skogsbunn. Det er mogeleg å sykle gjennom løypa, men me vil nok helst råde deg til å gå. Då har du god tid til å kikke deg rundt på alle dei fine og interessante stadane du kjem forbi, og kan verkeleg ta inn over deg roen og freden ute i skogen. Ta gjerne ein avstikkar opp til den vakre Breisåsen-garden når du kjem dit. Det er bare nokre få hundre meter opp ein liten bakke.

Heile turløypa er om lag 7,7 km lang. Om du tykkjer det er i meste laget å gå fram og tilbake, kan du avtale henting med nokon. Ein annan metode, som underteikna har brukt med stor suksess, er å gå bare delar av turen kvar gong og heller fleire gonger. Då er det ekstra god tid til å ta inn over seg alle dei fine inntrykka.

Magisk stemning! Underteikna er hobbyfotograf, og leitar nok litt ekstra etter det stemningsfulle og dei fine fargane i naturen. Du vil kanskje heller ha ein rask fottur? Men om du sparer turen til skumringstimen, ein varm vår- eller sommarkveld, eller som her ein regnværskveld, vil du truleg aldri angre. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kome deg dit

Frå Evje køyrer eller syklar du ca 23 km på Fv-42 til Vegusdal-krysset. Her ligg Vegusdal kapell. Ved kapellet er det ei lita bu merka «Allmannavegen», med kart over løypa. Løypa vidare er merka med små, raude skilt med eit kjerrehjul på, akkurat som den tilsvarande Allmannavegen mellom Oddestemmen og Haugen heime i Evje og Hornnes.

Du kan også køyre vidare på Fv-405 mot Engesland, og deretter frå Stemlona Fv-406 mot Birkeland. Ved Furholt sag er det også ei slik lita bu merka «Allmannavegen». Her må du gå kanskje eit par hundre meter tilbake langs vegen du kom, før du kjem til skogsbilvegen der sjølve løypa tek til. Derfrå følger du på same vis bare dei små, raude skilta med kjerrehjulet på.

På kartet nedanfor her kan du sjå løypa markert delvis som skogsbilveg og delvis med stipla linje.

Eit fint alternativ

Det går skogsbilveg inn til Breisåsen (sjå kart). Det er bomveg, men finst ein grei parkeringsplass foran bommen. Ein fin alternativ tur kan vere å sykle inn til Breisåsen, og deretter ned til Engelsåna og den gamle brua der. Det er ein veldig triveleg sykkeltur, altså!

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

 

Del "Futevegen – Vegusdal"