Kongshaugen

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved FennefossenVerksmoenEvje. Han er tidfest til siste halvdelen av 300-talet e.Kr. (yngre romertid).

Skrive av Geir Daasvatn

Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m i tverrmål og kanskje 8 m høg. Haugen ligg sentralt i eit svært gravfelt med mange haugar. Ein trur Kongshaugen er den eldste, og at dei andre haugane blei bygde rundt han. Dei fleste av dei andre gravhaugane kom bort i samband med drifta av Evje Nikkelverk 1873-1946.

N. Nicolaysen meiner at Kongshaugen må vere ei kvinnegrav. I haugen fann ein ein bronsekjele, ein beinkam og andre stykke av bronse. Men elles er han ikkje særleg funnrik. Det skal ha blitt grave i haugen fleire år før han vart undersøkt av Nicolaysen, noko som kan ha gjort at viktige kulturminne gjekk tapt. Seinare er haugen undersøkt av professor Sverre Marstrander i 1936.

Slik Kongshaugen ligg der, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes, fortel han i eit tydeleg språk at menneska i bygda vår nå var komne godt over eksistensminimum når dei kunne bruke så store ressursar på eit slikt uproduktivt byggverk.

Rett ved Kongshaugen står også kopien av den kjende Galtelandsteinen.

Korleis kome dit

Frå Evje sentrum kan  du gå eller sykle gjennom undergangen under Rv-9 rett sør for Sentrumsbygget. Ta etter det til venstre inn i Kinogata. Derfrå er det strake vegen sørover gjennom Verksmoen til du er rett før Europris Evje.

Frå Hornnes Camping kan du spasere eller sykle over Hornnes jernbanebru, og etter det følge vegen og sykkelstien over heile Evjemoensletta til Rv-9. Frå Dåsnes kan du gå eller sykle gjennom Dåsnesvegen, og deretter følge gang- og sykkelstien fram til Europris Evje med Kongshaugen rett bak.

Kjelder

Tusenårsstaden i Fossvik. Kopien av Galtelandsteinen med Kongshaugen rett bak. Foto: Geir Daasvatn
Del "Kongshaugen"