Postvegen Håland – Kleveland

Eit stykke av den første kjerrevegen mot Arendal
Postvegen i Evje var den første køyrevegen (kjerrevegen) mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal. Vegen blei bygd rundt 1840.

Vegen tok til frå tunet i Evje prestegard. Vidare gjekk han om Oddestemmen til Odde. Frå tunet på Odde gjekk han opp Fotsporkleiva, ovafor tuna i Haugen og fram til Bjorvatn der Fylkesveg 42 går i dag. Denne delen av vegen er nærare omtalt i vår presentasjon av Almannavegen.

Vidare forbi Bjorvatnet gjekk vegen langs dagens vegline. Men frå Bjorland til Undelandsvegen gjekk Postvegen nord for dagens veg, kryssa aust for Geirustjørn, kom forbi øydegarden Håland og gjennom Hålandsdalen til Håtveitåna. Det gjekk bru over elva. Vidare heldt vegen seg nord for Hovlandsåna mellom Hovland og Skåre, skriv Oddmund Mogstad i Jol i Setesdal 2010. På Skåre gjekk han over den gamle brua og fram til Vegusdal. Truleg tenker Mogstad då på ein nyare versjon av vegen. På Kulturminnesok.no er det registrert at Futevegen (Postvegen) gjekk frå Tveit til Vegusdal-garden, altså på sørsida av åna, til 1886.

Håland – Kleveland

Forbi Håland og Kleveland er eit langt stykke av vegen framleis godt synleg i terrenget. Det er ei nydeleg turløype. Langs Fylkesveg 42, mellom Tåketjønn og Mykjålandsvatnet, tek ein skogsbilveg til frå sørsida av vegen. Her er det også grei plass til å sette bilen.

Annonse

Følg skogsbilvegen, som følger same lina som Postvegen her, til du kjem til  ei bru over ein bekk. Det er rett før du er på den gamle garden Håland. På venstre hand kan du nå sjå brukara etter ei eldre bru på Postvegen. Herfrå kan du følge to trasér av vegen eit stykke gjennom skogen. Du kan jo gå den eine lina nedover mot Kleveland, og den andre på tilbakevegen. Den nederste traséen er den eldste, bygd altså rundt 1840, medan den øverste er bygd rundt 1905. Traséane møtast att ved starten av den svære Stemyra. Nå kan du bare følge vegen vidare forbi Kleveland til dei store jorda ved vestre enden av Lislevatnet. Der forsvinn spora etter vegen i denne omgang.

Forbi Kleveland følger vegen gamle åkrar. Foto: Geir Daasvatn

Me vil anslå spaserturen til 1,5 km kvar veg, totalt 3 km.

Dette er såleis ikkje så lang ein tur. Men både på Håland og ved Kleveland ligg det ei mengde gravhaugar og andre gamle kulturminne langs vegen og i nærleiken. Dei er ikkje merka ute i terrenget. Men om du tar deg tid til litt førebuingar før turen, og sjekkar kartet over området på Kulturminnesok.no før du legg i veg, skulle du ha gode sjansar til å finne mange av desse spesielle gamle kulturskattane. Så om turen ikkje er så lang i seg sjølv, kan det fort gå med nokre timar likevel. Om du er litt interessert i kulturhistorie og lokalhistorie, då!

Om du ikke bryr deg med dei gamle kulturminna, går løypa gjennom eit særs idyllisk skogs- og gardslandskap. Så den gamle Postvegen forbi Håland og Kleveland er verd ein tur i seg sjølv!

Korleis kjem du dit

Frå Evje sentrum køyrer du Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) forbi Galteland, Åvesland, Bjorvatnet og innkøyringa til Undeland. På den lange sletta før Mykjåland finn du avkøyringa til skogsbilvegen som er skildra ovafor.

God tur!

Kart over området. Du kan sjå Postvegen som stipla linje sør for Fv-42.

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!