Stafossvegen – Årekleppvatnet

Stafossvegen går nordover i heia frå Tveit i Flatebygd til Pottetjønn. Frå enden av vegen går privat traktorveg vidare til det idylliske Årekleppvatnet. Då er du over kommunegrensa til Bygland, og ikkje langt frå Årdalsknapen. Ein sykkeltur på heile eller delar av dette vegstrekket er midt i blinken, med ei fin blanding av trim og naturopplevingar.

Stafossvegen blei bygd rundt 1967-1968, og er vel om lag 5 km lang. Frå enden av vegen vidare opp til Årekleppvatnet er det rundt 2 km. Ein sykkeltur fra Tveit til Årekleppvatnet tur/retur er såleis kanskje opp mot 15 km. Om du har ork, vil me absolutt tilrå at du tek turen heilt inn til Årekleppstøylen. Men hvis du syns det blir litt i lengste laget, er det jo bare å snu når det passar deg sjølv. Turen innover i heia er ein kjempetur uansett. Men prøv i det minste å kome deg inn til Stafossen, rundt 2 km frå parkeringsplassen. Frå toppen der har du fin utsikt sørover til Mykleåsen i Flatebygd og endå lenger.

Frå toppen av Stafossen kan du sjå langt! Foto: Geir Daasvatn (2014)

Korleis kome dit

Køyr – eller sykle – til Evje kyrkje, litt nord for Evje sentrum. Ta til høgre mot Gautestad. Etter ca 2 km kjem du til Tveit. Ta til venstre på bustadvegen rett etter den siste av dei to gamle uthusa. Etter 300-400 m kjem du til ein stor parkeringsplass der bilen kan stå. Så er det bare å ta pedalane fatt oppetter Stafossvegen.

Det er 6 år sidan me sist var innover i heia her, og husken er ikkje blitt betre på desse åra. Så omtalen av turen er noko kort. Me skal ta oss på tak i løpet av våren eller sommaren, få til ein sykkeltur langs vegen, og oppdatere stykket med litt fleire opplysningar etter det. Men det er uansett mest stas for deg å oppdage denne perla på eigahand!

Ha ein fortreffeleg fin tur!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

 

Del "Stafossvegen – Årekleppvatnet"