Utsikten – Landeskogen

Nydeleg tur som kan kombinerast med andre spanande opplevingar!

Utsikten Landeskogen er eit fint turmål ved LandeskogenGrendi i Bygland.

Det er om lag 17 km å køyre frå Evje sentrum til Grendi. Her kan du starte turen frå parkeringsplassen ved Årdal kyrkje.  Du følger vegen mot Landeskogen. Løypa er merka, og det er lett å finne fram.

Utsikten turløype mellom Landeskogen og toppen. Grendi i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Når du har gått vegen opp til og forbi Landeskogen, kjem du inn på sjølve turløypa i skogen. I 2011 leia Roald Rysstad eit svært dugnadsprosjekt, der 16 vanskelegstilte tyske ungdomar var med og rydda fire km med attgrodde stiar i området rundt Landeskogen. Mellom desse var stien mellom Landeskogen og Utsikten. Løypa er difor godt opparbeidd, og lett å gå utan synderleg stigning.

Vel framme på Utsikten blir du lønna med eit fantastisk fint utsyn ut over Byglandsfjorden. Du kan bare sette deg på benken der og nyte synet!

Du kan gå same vegen tilbake, eller følge ein annan merka sti slik at du får ein rundtur. Rundturen vil vere om lag to km lang. Om du går same vegen tilbake, blir turen litt lenger.

Enten du tek den eine eller andre vegen, vil vi sterkt anbefale eit stopp på Landeskogen Fredssenter og/eller Elgtun som ligg like ved.

Utsikten har vore med i Otra ILs Ti toppers. Løypa er også med i Reumatrimmen, turopplegget til Setesdal Revmatikerforening.

Ha ein fornøyeleg tur!

Kjelder

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!