Volefossen

Vakker foss i fiskeørnas rike!

Volefossen er ein foss i Otra i Evje og Hornnes kommune, litt sør for Syrtveitsfossen. Fallhøgda er ca 3 meter.

Volefossen er ein vakker foss når det er litt vatn i elva. Staden er mykje kjent og besøkt av fotografar fordi fiskeørna har reir på ei lita øy midt i fossen.

Kulturminne

I eldre tider blei tømmeret frå heile Setesdal fløta ut av dalen på Otra. Mange stadar langs elvelaupet, også ved Volefoss, kan ein sjå dei gamle fløtingsmurane.

Korleis kome dit

Frå Evje sentrum kan du ta over Birkelandsbrua og sykle eller køyre på god grusveg ca 6 km på vestsida av Otra opp til fossen. Me tilrår ein sykkeltur i det idylliske skogsterrenget oppover mot Moseid! Fossen ligg rett på nedsida av vegen, så du kan ikkje unngå å sjå han.

Annonse

På austsida kan du til dømes sykle nordover på den gamle jernbanelina mot Syrtveit, og gå gjennom skogen vest for Rv-9 til fossen. Det går fleire skogsbilvegar og stiar i området rett sør for Syrtveit som du kan følge.

Kart

Vakker soloppgang ved Volefossen. Foto: Geir Daasvatn

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!