Bygdeborga på Urdalsfjell

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes.

Skrive av Geir Daasvatn

Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350–550 e.Kr.

Bygdeborga på Åvesland er den der det meste av borgmuren ennå er å sjå. Muren ligg på nordsida av fjellet, og strekker seg 60-70 meter i aust-vestleg retning. Midt på har det vore ein opning for menneskje og dyr. Borga må ha vore god å forsvare. Fjellet er stupbratt på alle kantar, med unnatak for nordsida der muren ligg. Det må ha vore litt av eit arbeid å transportere all steinen til muren opp på fjellet. Anlegget har sjølvsagt vore kjend av folk i lokalmiljøet. Men det var lokalhistorikaren Sigmund Monen som fekk det registrert som bygdeborg så seint som i 1984.

Bygging, vedlikehald og vakthald må ha krevd stort mannskap og ei form for fast organisasjon. Trulig måtte folk samle seg på lokale bygdeting for å bli einige om slike prosjekt og korleis dei skulle gjennomførast. Det må derfor etter alt å døme ha budd ganske mange folk fast på Åvesland og gardane omkring alt i folkevandringstida.

Korleis kjem du dit

Ta mot Gautestad ved Evje kyrkje. Du skal forbi Flatebygd og dei svære jordene til Nils Gjermund Østerhus på Sandane. Finn Gautestadvegen 167 som du kan sjå på kartet her. Til venstre for husa der kan du gå nordover gjennom skogen 200–300 meter til du kjem til ei traktorslepe (raud stipla line på kartet). Så tek du til høgre når du er framme ved dei bratte fjellsidene på Urdalsfjell. Det er lettast å kome opp frå nordsida. Om du går gjennom skogen slik skildra her, vil me tru det er mindre enn 1 km til toppen.

Klikk på bileta for forstørring

Dette er ikkje ei merka turløype. Men det er ikkje langt å gå frå Gautestadvegen, og ikkje vanskeleg å finne fram om du har kasta eit blikk på kartet på førehand. Du kan også velge deg dine eigne, alternative ruter. Det er ei stund sidan vi var på Urdalsfjell (2015). Vi skal få tatt ein ny tur innan rimeleg tid, slik at vi kan skildre vegen fram dit endå litt bedre.

Pass på å parkere greit om du kjem med bil, så du ikkje er til sjenanse for grunneigarar eller andre.

Kulturminneplan Evje og Hornnes 2019-2024 er det peika på at bygdeborgene i kommunen er nokså lite kjende, og sett opp som eit tiltak å skilte turstiar til dei.

God tur!

Kjelder

  1.  Sigmund MonenFrå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 287
  2. Olav O. UlebergKultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 50-51
  3. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 50-51
  4. Setesdalswiki

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Bygdeborga på Urdalsfjell"