På heia på veg mot Abusland i Hornnes kan du ta ein fin sykkeltur på Juvvannsvegen til idylliske Skranevatn. Langs vegen ligg den vakkert restaurerte Vetterhussaga. Om du heller vil gå, er ikkje turen lenger enn at det er minst like gøy!
Juvvannsvegen er køyrbar. Men han må likevel kallast ein traktorveg, og her er saka mosjon og friluftsliv! Så vår tilråding er ein sykkeltur i dette fine heielandskapet. Først syklar du om lag 2,5 km langs denne vegen. Det er kupert terreng, slik at vegen går litt opp og ned. Blir det tungt å trø opp bakkane, er det bare å hoppe av, leie sykkelen og høyre på den nydelege fuglesongen.
Litt over halvvegs langs Juvvannvegen kjem du til Vetterhus sag. Ho blei bygd rundt 1920. I meir moderne tid er ho vakkert restaurert av Steinar Tønnesland, som diverre døydde alt for tidleg i 2013. I dag eig Torgny Monan saga. Husk å gå rundt på baksida av saga, og kikk litt nærare på det spesielle vasshjulet der. Det er eit verkeleg fint kulturminne, dette her, som mange truleg aldri har sett.
Når du syklar vidare, kjem du snart forbi Vetterhushytta og deretter den idylliske Sandtjønn. Her er det ein grei benk der du kan sitte ned for ein liten matpause, medan du filosoferer over kor godt det er å vere ute i naturen.
Straks etter Sandtjønn er det slutt på Juvvannsvegen, der han munnar ut i Skranevannsvegen. Nå kan du sjølvsagt snu, og ta same vegen tilbake. Men me vil heller råde deg til å sykle vidare sørover mot Skranevatn, kanskje ei lengde på 1,5 km eller så. Ved Skranevatn er det veldig idyllisk, så dei ekstra pedaltråkka har du absolutt igjen for.
På tilbaketuren er det mest naturleg å ta inn på Juvvannsvegen igjen, og altså følge same vegen tilbake. Du kan også sykle tilbake langs Skranevannsvegen til Haugland, og deretter følge Abusdalsvegen tilbake vestover til utgangspunktet. Det blir ein del lenger, og du kjem ut på ein litt større og meir trafikkert veg. Men du får då meir ein rundtur, om du trivast betre med det.
Turen fortset under biletet!
Korleis kome dit
Ta Abusdalsvegen vestover frå Rv-9 ved Hannåsmoen. Du køyrer eller syklar oppover bakkane forbi Tønnesland, Haugland, Sutestad og Espetveit. Ved Krossmyrane står det skilt der Juvvannsvegen tek til. I krysset der er det også plass til å parkere ein bil. Så er det bare å legge i veg innover vegen. Du skal halde til venstre ved det første «vegkrysset». Tek du til høgre, kjem du om kort tid til Juvvatnet. Der er det også veldig fint, men du er altså i tilfelle litt på villspor.
Slik me har skissert turen her, vil me rekne med at han er rundt 8 km tur/retur. Underlaget er greit å sykle på, men ikkje just asfalt. Så den beste racersykkelen, med dei smalaste dekka, høver ikkje noko godt her!
Alternative ruter
Eit godt alternativ kan vere å starte turen der Skranevannsvegen byrjar, på Haugland. Derfrå kan du sykle inn til Skranevatn. På vegen tilbake svingar du inn på Juvvannsvegen ved Sandtjønn, får med deg Vetterhussaga, og kjem ut på Abusdalsvegen igjen ved Krossmyrane. Derfrå er det mest bare utforbakkar ned til Haugland der bilen står.
Det er ei stor mengde andre turar du kan gå i dette området, både på greie skogsbilvegar og ute i terrenget. Mange av dei er omtala i eigne stykke i turregisteret vårt.
God tur!
Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!