Kvålsnapen – Bygland

Kvålsnapen i Bygland er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum.

Fjellet er eit populært turmål for byglendingane. Fos oss andre som ikkje er like godt kjent, er toppen ein fin stad for å få eit overblikk og bli litt kjent med Byglandsbygda. Når værforholda er dei rette, er det nydeleg utsyn ut over Byglandsfjorden her. På turen oppover dalen kan du stanse til dømes ved Landeeika, middelalderslottet på Longerak, Fånekleiva, husmannsplassen Hagen på Lauvdal og Bygland museum. Du kan verkeleg ha ein fin og opplevelsesrik dag. Ja, du kan gjere dette til den reinaste kulturreisa!

Korleis kjem du hit

Himmelsk utsyn sørover frå Kvålsnapen. Foto: Geir Daasvatn

Frå Evje køyrer du nordover på Riksveg 9 til Bygland sentrum. Det er ein om lag 36 km lang tur i det nydelege landskapet langs Byglandsfjorden. Vel framme i Bygland kyrkjebygd køyrer du omtrent 1,5 km vidare forbi Nese-garden med dei store gravhaugane rett ved sida av vegen. Ikkje lenge etter svingen ved Nese, ved Kjarberg og altså i god tid før Setesdal Hotell på Nesmoen, tek den merka løypa til Kvålsnapen til. Her er det grei parkeringsplass om du kjem med bil, og informasjonstavle med kart som forklarer turen vidare. I grove trekk går du først på ein traktorveg/-slepe gjennom skogen, og eit hogstfelt, og deretter på ein godt synleg skogssti mot toppen. Nokon stadar går du på bare berget. Her kan det nok vere litt glatt i regnvær. Undervegs er det nokre litt bratte parti. Fleire stadar går løypa ut mot kanten av fjellet, slik at du får eit storsått utsyn sørover dalen.

Lengda på turen t/r er rundt 3 km.

God tur!

Kart over området

Omtale av turen hos Visit Setesdal

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

 

 

Del "Kvålsnapen – Bygland"