Myrstålmyrbua – Lauvland

Myrstålmyrbua er ei gamal, lafta bu som står på Myrstålmyra på heia på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje.

Skrive av Geir Daasvatn

Seinare utanriks- og statsminister Jørgen Løvland var som dei andre gutane på Lauvland hjuring i oppveksten. På ein vegg i bua, noko til høgre for inngangsdøra, har han skore inn det som blei eit motto i livet: «Les og vex».

Korleis kjem du dit

Frå Evje sentrum tek du Fv-42 mot Arendal. Etter om lag 4 km, på Galteland, svingar du av Fv-42 og tek mot Iveland på Fv-292. Du skal forbi Rosseland og avkøyrsla til Høgetveit. Etter nokre bratte oppoverbakkar kjem du til Lauvland. Du skal vidare 1-2 km etter husa der. Då kjem du til den svære Sagebakken-gruva. Mellom nedgangen til gruva og Gymsåna går det ei traktorslepe oppover i terrenget. Løypa er ikkje merka. Men du ser ho på kartet under her. Følg bare den traktorvegen heilt til du er oppe på Myrstålmyra. Der vil du også få auge på den gamle bua langt ute på myra, rett under den vesle Bueknutten som stikk opp midt på flata.

Om hausten og ved mykje regn kan det vere svært blautt oppe på Myrstålmyra. Så du bør ha godt skotøy. Sjølve har vi gått på joggesko i november. Men då kom vi ikkje tørrskodde heim igjen. Det er ikkje ein lang tur; vi vil rekne at det er rundt 1,5 km frå starten ved gruva inn til bua.

God tur!

Kart over området

Kjelde: Setesdalswiki med vidare tilvisingar.

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Myrstålmyrbua – Lauvland"