Rysstad Turpark

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her […]

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Skrive av Geir Daasvatn Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. I ein rapport om tyske forsvarsverk i Bykle kommune heiter det: – […]

Postvegen Uppstad – Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Skrive av Geir Daasvatn Postvegen var køyrande med […]

Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle, om lag fem kilometer sør for Bykle kyrkebygd. I dag går Riksveg 9 i tunnel på denne staden. Byklestigen er  i staden eit interessant kulturminne å besøke, og ei kort, men veldig spennande turløype å gå. Skrive av Geir Daasvatn Byklestigen […]

Dei gamle steinkvelvbruene langs Rv-9 i Bykle

Den første ordentlege køyrevegen – kjerrevegen – i Setesdal kom fram til Bykle kyrkje først i 1879. Vidare nordover til Hovden kom det køyreveg i 1924, og bilveg først i 1935! Fleire stadar mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden måtte det byggast bruer. Her vil me sjå litt nærare på dei tre vakre steinkvelvbruene som framleis […]

Flåstrondi – Postvegen

Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Vegmiljø Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Han kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto […]

Topteneset – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Skrive av Geir Daasvatn Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den […]

«Postvegen» Tveit – Vegusdal

Mellom Tveit og Vegusdal i Hovlandsdalen, på sørsida av Hovlandsåna, kan du eit par kilometers veg følge den gamle «Postvegen», ein kjerreveg frå 1840-talet. Det er ein fin, lettgått spasertur i idyllisk skogsterreng. I følge Kulturminnesøk.no er vegen ein gamal rideveg (sledeveg), som så blei bygd om til kjerreveg i 1840. Han var ein del […]

Huldreheimen i Bykle

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje betjent om sommaren, men det er laga til slik at dørene står oppe […]

Eventyrslottet på Longerak

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida […]