Rysstad turpark 29. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn

Rysstad Turpark

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum.

Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her følger du skiltinga, og kjem tilbake til parkeringsplassen.

Rundturen er om lag fire km lang. Tidsbruken vil vere 1-2 timar. Terrenget stig ganske jamnt til toppen av løypa, som er etter måten lett å gå.

Gamalt kulturområde

Rysstad Turpark er eit nytt namn på eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer- og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn (bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av det ein ville ha opplevd hadde ein kome for 50 år sidan.

Brua i starten av turparken blei kalla Nautebrua; brua som nauta (dyra) måtte over for å kome til beita lenger sør.

Korleis du kjem deg dit

Det er skilta avkøyrsle frå Riksveg 9. Du skal inn Haukedalsvegen, rett sør for Sølvgarden Hotell og Feriesenter.

Kos deg på tur!

Kjelder

Kart over området

Sjå fleire presentasjonar av turmål og attraksjonar i Setesdal på OpplevEvje.no og hos Visit Setesdal

Klikk på bileta for forstørring

 

Del "Rysstad Turpark"