Birkelandsfossen

Birkelandsfossen er ein foss i Otra, rett nord for Evje sentrum. Fallhøgda er 7 meter. Skrive av Geir Daasvatn Ved fossen er det restar etter svære fløtingsmurar og ruinar etter sagbruk. Ved stor vassføring er fossen eit mektig syn. Han er ein fin plass for å ta med ei plate med melkesjokolade og ein termos kaffi eller kakao, og […]

Skjerkevegen – Uleberg

Skjerkevegen er ein 10 km lang gards- og skogsbilveg på Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Han vart bygd i 1973. Vegen passar ypparleg for ein heietur på sykkelen. Skrive av Geir Daasvatn Vegen startar frå Fv-302 ved Uleberg nede i Dåsvannsdalen og går nord-austover i heia fram til Vassendvatnet. Han er bomveg, så du kjem ikkje fram med bil. Frå […]

Håvestøl – Vetrhus – Yksenskor

Ein fantastisk fin tur er å sykle på grusvegen mellom Håvestøl i Fiskårdalen i Åseral og Yksenskor i Hornnes. Du kan samstundes ta ein avstikkar til Vetrhus. Skrive av Geir Daasvatn Yksenskor er altså ein gard (gnr. 12) på heia aust for Dåsvatn øvst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det kom køyreveg fram til garden, Yksenskårvegen, frå Håvestøl i Åseral først rundt 1979. […]

Den kvite sanden

Den kvite sanden er ei nydeleg sandstrand i det nord-vestre hjørnet av Kosvatn i Hornnes. Stranda kan vere eit fint mål for ein badetur om sommaren, ein kanotur, eller kanskje som ein kombinasjon med ein tur til toppen av den nærliggande Hisdalsheii. Skrive av Geir Daasvatn Korleis kjem du dit Ved vestre enden av Bjørndalsvatnet, […]

«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere […]

Knipane gruver – Iveland

Knipane gruver er fleire gruver som ligg temmeleg samla ved Knipane på heia om lag to kilometer sør-aust for Håvarstad nord i Iveland. Skrevet av Geir Daasvatn I gruveområdet er det fleire skjerp. Det er Granatgruva, Gruvene ved myra, Gruva på toppen, Thortveitittgruva, Storsynken og Kongsberggruva. Dei to største er Storsynken og Kongsberggruva. Nokre av gruvene […]

Myrstålmyrbua – Lauvland

Myrstålmyrbua er ei gamal, lafta bu som står på Myrstålmyra på heia på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje. Skrive av Geir Daasvatn Seinare utanriks- og statsminister Jørgen Løvland var som dei andre gutane på Lauvland hjuring i oppveksten. På ein vegg i bua, noko til høgre for inngangsdøra, har han skore inn det som blei eit motto i livet: «Les […]

Flåt nikkelgruve

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også, så gruveområdet er ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Flåt-gruva var først ei koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, […]

Kvålsnapen – Bygland

Kvålsnapen i Bygland er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum. Fjellet er eit populært turmål for byglendingane. Fos oss andre som ikkje er like godt kjent, er toppen ein fin stad for å få eit overblikk og bli litt kjent med Byglandsbygda. Når […]

Rjukanfossen – Tovdal

Rjukanfossen er den største fossen i Tovdalselva. Fallhøgda er 45 meter. Han ligg ca 3 kilometer nord for Dale i Tovdal i Åmli, heilt sør i Årdalen naturreservat. Skrive av Geir Daasvatn Tovdalselva er ikkje regulert, og fossen har som oftast ei stor vassføring. Han er ei mektig oppleving! Vidare nordover ligg Årdalen naturreservat, som strekker seg inn i Bygland […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.